FNF-joller eit spennande alternativ for store og små
Sparebanken Sogn og Fjordane har støtta oss med pengar til kjøp av segljollar.
Fire ulike stader i fylket er dei utplasserte to og to og er tilgjengelege for lån og bruk, slik at fleire kan få høve til å læra seg å segla. Ta kontakt med ansvarleg kontakt på staden:
"FNF-jollane - info.doc"
Jollane er type A-jolle (eller svensk 1-krona) og kan siglast åleine eller med inntil 1 vaksen og 2 born. mannskapsvekt opp til 175 kg.
Dei har dobbelt skrog, er sjølvlensande og synkefrie. Masta er i karbon og delt i to. Båtane har senkekjøl, eitt segl, årar og er lette å ro.
Stader med jollar kontakt
Nr 1 og 2: Askvoll roger.klovtveit@gmail.com sms: 958 34 359
Nr 3 og 4: Bryggja gert.meyer@sdsl.no sms: 917 31 718
Nr 5 eller 6: Leikanger einar@fnf-nett.no sms: 900 63 355
Nr 5 eller 6: Solvorn jorgenuberg@gmail.com sms: 419 07 421
Nr 7 og 8: Kaupanger isk-norveg@sognefjord.no sms: 970 30 828
Spesifikasjonar
Lengde: 300 cm
Breidde: 130 cm
Storsegl: 4,2 m2
Vekt: 53 kg
Framgangsmåte for lån
Send epost eller sms til den som er ansvarleg og oppgi tidsrommet du vil låna båt.
Hugs å melde deg av att om du ikkje skal bruke båten likevel.
God tur!
Sikkerheit
Den som låner jolle har ansvaret for sikkerheita til alle om bord!
I frisk vind vil det bli sjøsprøyt og vått. Jollane kan også kolsigla. Bruk difor alltid flytevest, og gjerne våtdrakt om du har.
Sjå på oppslaget der båten er plassert korleis du skal få ein kantra båt på rett kjøl att.
Lånaren har også ansvar for at båten vert levert attende uskada og med alt utstyret på plass.
Båtane er eigde av FNF Sogn og Fjordane.
Sjøsetjing
Dersom båten ikkje ligg på sjøen når du skal bruka den, må den berast, trillast på vogn eller dragast på lunnar til sjøen, ikkje dragast over grus og stein. Den må fortøyast ved bryggje før du set i senkekjøl og ror. Masta med seglet påsett må setjast på plass frå bryggje. Den skal stå i det fremste masteholet. Lat seglet slå fritt i vinden inntil du er klar til å
leggja utpå – båten kantrar lett dersom seglet vert sett fast på tvers av vinden.
Når du kjem til lands att, må båten fortøyast ved brygge, ikkje siglast rett i stranda. Deretter tek du av mast, senkekjøl og ror. Desse kan vanskeleg løftast opp før båten er fortøydd. Kjøl og ror vil ta skade av å bli sigla på grunn.
Lukke til!
Dei fleste jollane er utplasserte i par for at dei skal kunne siglast mot kvarandre. Det aukar både seglargleda og sikkerheita dersom det er to jollar i bruk samtidig i same området.
Lenker
Rigging A-jolle: http://kundeservice.aftenposten.no/webfiles/ajollen__rigging..pdf
Forum for natur og friluftsliv: http://www.fnf-nett.no/sognogfjordane/
Rigging, liten