Friluftsmoro 2017

Bli med på friluftsmoro 2017 mellom 19-28 mai.

Ein rekke lag og organisasjonar arrangerar ulike lavterskel aktivitetar rundt om i fylket denne veka

La strandryddedagen 6. mai bli starten på din egen plastdugnad

15 tonn plast, tilsvarende en fullastet søppelbil, havner i havet hvert min

Den framtidige verdien av Hornelen er større utan ein Via ferrata der

Fri natur er ein viktig ressurs for turistnæringa i fylket og for Bremanger, og vil bli endå viktigare i framtida. derfor står ein Via ferrata-fri Hornelen som ein sterkare merkevare enn fjellet med eit slikt anlegg. Sjå over fylkesgrensa til Møre og Romsdal kva litt målretta marknadsføring av Romsdalseggen har ført til. Det burde ikkje vere vanskeleg å få marknadsført Hornelen på same måte, som "rein tur i fri natur".

 Hornelen

Ja til trivsel - nei til frislepp av vasskuterar

Lengtar du etter sommar i den norske skjergarden? I år kan lyden av bølgeskvulp og måkeskrik bli overdøyvd av vasskuterar i høg fart, kloss innpå strender og svaberg. Regjeringa vil fjerne den vasskuterfrie sona langs land.

FNF inviterer til ope Bålmøte i Sogndal fredag 9.september i Friluftslivets veke

Tema blir Naturen i Sogn og Fjordane - bruk eller forbruk? Kva vil vi med den storslåtte naturen i fylket vårt? Og vi rettar merksemda mot tilrettelagt friluftsliv og urørt og inngrepsfri natur.

Stad: Uteamfiet på Sogndal Folkehøgskule kl.19.30 

FNF inviterer til ope Bålmøte i Sogndal fredag 9.september i Friluftslivets veke

Tema blir Naturen i Sogn og Fjordane - bruk eller forbruk? Kva vil vi med den storslåtte naturen i fylket vårt? Og vi rettar merksemda mot tilrettelagt friluftsliv og urørt og inngrepsfri natur.

Stad: Uteamfiet på Sogndal Folkehøgskule kl.19.30 

FNF inviterer til ope Bålmøte i Sogndal fredag 9.september i Friluftslivets veke

Tema blir Naturen i Sogn og Fjordane - bruk eller forbruk? Kva vil vi med den storslåtte naturen i fylket vårt? Og vi rettar merksemda mot tilrettelagt friluftsliv og urørt og inngrepsfri natur.

Stad: Uteamfiet på Sogndal Folkehøgskule kl.19.30 

Vassdragstreff i Gjengedalen 2015

Gjengedalsgjelet

21-23 august arrangerer vassdragsrådet i Naturvernforbundet i samarbeid med FNF,  Sogn og Fjordane Turlag og Norges Jeger og Fiskerforbund vassdragstreff i Gjengedalen. Gjengedalsvassdraget er konsesjonssøkt for vasskraftutbygging av SFE.

Naturverdiene er store: Lakseelv, bekkekløft, landskapsvernområde og friluftsområde.

5 Småkraftsaker på høyring i Luster

Åselvi

Dei fem elvane som vert søkt for utbygging er Åselvi, Rydøla, Mordøla, Kveken og Kinsedal.

Organisasjonane ber spesielt om å ta vare på Åselvi, Rydøla, Mordøla.

 

 

Brev til politikarar i Luster kommunestyret om bevaring av Rydøla:

Rydøla i Vassdragspakke Luster 20150612 

 

Les om sakene her:

Klager på nye vindkraftkonsesjoner i Vågsvåg og Guleslettene

Vindindustri til fjells

FNF har i lag med Sogn og Fjordane Turlag, Naturvernforbundet og Norsk ornitologisk forening Sogn og Fjordane sendt klage til OED på NVE sine vedtak om å gje konsesjon til Vågsvåg og Guleslettene vindkraftverk inkl nye liner

 

Når det gjeld handsaming av vindkraftkonsesjonar har vi sett ei negativ utvikling i NVE når det gjeld kunnskapsbaserte avgjerd innan tema som friluftsliv, naturmangfald, reiseliv og landskap. Det har svekka vår tillitt til NVE. På naturen og egne vegne vart tillegget til klagen avslutta med:

 

GRUK "STATEN" av Piet Hein:


 

STATEN

 

Naturen er

vor far og mor

som gode gaver

ga os.

Og staten er

vor store bror,

som tar det hele

fra os.


 

Motstand mot veg til Tverrfjellet ved Jostedalsbreen

Utsyn mot Jostadalsbreen frå aust Foto:Elisabeth Dahle

Forum for natur og friluftsliv har i lag med Naturvernforbundet og Sogn og Fjordane Turlag levert eit innspel til Jølster kommune og Jostedalsbreen AS kor vi forklarar kvifor vi meiner at dette ikkje er eit akseptabelt prosjekt. Det samsvarar ikkje med formålet med opprettinga av nasjonalparken og er konfliktfylt i høve tradisjonelt og enkelt friluftsliv på breen og i randområda.  

Vårt syn på saka: Vegbygging i Jølster til Jostedalsbreen

Vassdragstreff - Vigdøla 16.-18. august

~Vigdøla.JPG (articledisplay).jpg
Naturvernforbundet arrangerer treff i Vigdalen i Luster der ein også kan læra meir om konsekvensane av vasskraftutbygging på natur, landskap og friluftsverdiar.

Mensen Ernst minneløp 3. august i Fresvik

~Løpekongen.jpg
Arrangementet er ein del av Sogn og Fjordane fylke si 250-års jubilemumsmarkering i 2013. Målet med løpet er å ha ein brei profil med tilbod til alle aldrar og målgrupper. Det er både konkurranseklassar og trimklassar.

Framtid for fjorden?

~Førdefjorden.jpg
Fjordaksjonen har stort arrangement i Vevring 1. juni. Programmet inneheld både mat, debatt og fagseminar. Det er snart stortingsval, få med deg kva politikarar meiner om framtida til Førdefjorden.
Framtid for Fjorden INVITASJON.pdf

Stillingar i friluftslivet

~stilling ledig.jpg

Det er venta at regjeringa i juni vedtek at 2015 skal vera friluflivets år. Det vil då bli behov for to medarbeidarar i Frifo som kan ta til i den krevjande og spennande oppgåva å førebu friluftsåret.
Meir info

Ny nettside om miljøsaker i kommunane

~paragraf.jpeg
Sida er oppretta av Miljøverndepartementet og er oversiktleg og nyttig for å finna kva rettar og pliktar kommunane har.

Strandryddedagen

~Strandrydding.jpg

Hugs strandryddedagen 27. april

Hald Norge reint mobiliserer til stordugnad laurdag 27. april - den store strandryddedagen! Reine strender er viktig for miljøet - og for kystfriluftslivet. Bli med å ta vare på nokre av dei finaste naturperlene våre.
http://ryddenstrand.no/

Bygging av fornybar energi er ute av kontroll

~Jordalselvi.JPG
Dette hevdar Elisabeth Dahle i FNF og Christhan Steel i SABIMA. Dei har sett opp ei ti-punkts liste med råd for korleis krafturbygging kan natur og biomangfald betre enn i dag.
Les mer... ]

Møte om Førdefjorden 16. mars

~Naturvernforbundet.jpg
Er gruvedrift ei framtidsnæring eller naturrasering? Naturvernforbundet helde ope møte med faglege innlegg i Førde.
Les mer... ]

Brekkefossen kraftverk avslege

~Brekkefossen.jpg
NVE gir ikkje løyve til bygging av Brekkefossen kraftverk i Fjaler kommune i Sogn og Fjordane. Søknaden er avslått grunna store konfliktar med landskap og friluftsliv.

Statnett ønskjer innspel om utvikling av kraftsystem for framtida

~Mast.jpg
Statnett er utpeikt som ansvarleg for utgreiing av sentralnettet. I 2013 skal dei oppdatera nettutviklingsplanen for sentralnettet med horisont mot 2035. Eit sentralt spørsmål vil vera korleis forbruk, produksjon og behovet for overføringskapasitet vil utvikla seg. Meir info

Temaseminar

~CIMG1414.JPG
Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til temaseminar i samband med revisjon av regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2014 - 2017. Seminara er gratis og den enkelte må sjølv dekke reise, lunsj og evt. overnatting. Ved temaseminar 1 dekker arrangøren lunsj. Påmelding skjer via questback som de finn link til bakarst i brosjyrane.
Regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2014 – 2017.zip

Nidarosdomen i Stryn

~Stryn.jpeg
Ordførar i Stryn, Sven Flo, vil øydeleggje store naturverdiar ved å byggje kraftverk i verna elvar. Erik Solheim skriv at desse elvane har verdi for mange andre enn innbyggjarane i kommunen og at dei slik sett er på linje med Nidarosdomen. Ville Flo også ha rive den om han fekk pengar for det?
Les mer... ]

Når bobler brest

~Erik Solheim.jpeg
Erik Solheim hevdar at me lever i ei energiboble (jamfør bustadbobler) og at det er for seint med tiltak når bobla brest.
Les mer... ]

Sabima si julevise

~nisselue.jpg
Denne MÅ du få med deg! Sabima si julevise er ei helsing til alle nissar med og utan nissehue.

Tilskotsordningar

~Avdalen.jpg

Her finn du oversikt over tilskotsordningar frå Miljøverndepartementet for 2013. Ordningane omfattar naturforvaltning, kulturminnevern, friluftsliv, ureining og lokalt miljøvern.
http://www.facebook.com/l/JAQFJf8pe/www.regjeringen.no/nb/dep/md/dok/rundskriv/2012/t-1-12-tilskotsordningar-for-2013.html?id=708321

 

Finsefondet 2012 til Frifo og FNF

~CIMG1409.JPG
Finsefondet har som føremål ta vare på norsk natur. Etter forslag frå FNF vart det inngått eit samarbeid mellom Frifo, Vestlandsforsking og oss om å greia ut sumverknadane av inngrep i norsk natur. Tildelinga i 2012 er på 260.000 kroner og det er Vestlandsforsking som skal utføra arbeidet.
Les mer... ]