Hummar berre for enkelte i allmenninga ?

FNF har kome med ein uttale til søknad om havbeite av hummar på Senholmane i Sandøy kommune då vi meiner at dette er eit viktig vegkryss. Havet og fjordane i Norge er ein felles allmenning som alle er medeigar i. Frå før har rikingane tent absurde mengde pengar på vår felles allmenning innan fiskeri og oppdrett.  Vi finn det rett at framtidas generasjonar må bli representert ved fordeling av rettar i dagens ressursar (her hummar) og vil be om at dette blir satt opp i eit langsiktig allmenningssystem. Vi meiner at søknaden er i strid med gjeldande arealplan for Sandøy kommune for 2015-2027 og må avslåast aleine av den grunn. Vi meiner at vi ikkje er tent med å gi konsesjon for havbeite for hummar på Senholmane då dette medfører store ulemper for ålmenta og fort kan gi presedens for nye eksklusive rettar i allmenninga. 

Uttale havbeite Hummar i Sandøy kommune - 5 mai 2017

 

Hummarfiske - tradisjonelt

Satsing på friluftsliv og friluftslivsanlegg

FNF Møre og Romsdal har i ei fråsegn til politikarane i kultur- og folkehelseutvalet meint noko inn i sak KF-23/16 Tildeling av spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet 2016 som skal opp i kultur- og folkehelseutvalet 31. mai 2016.

 

FNF Møre og Romsdal meiner det no er på tide å ta inn over seg nyare forsking som til dømes frå idrettshøgskulen ved Gunnar Breivik og prioritere statsmidlane der dei gir mest nytte, dvs til friluftslivsanlegg. FNF Møre og Romsdal ønskjer at alle søknadene om spelemidlar til friluftslivsanlegg blir innstilt til midlar utgjerande 14,4 % av løyvde spelemidlar til Møre og Romsdal fylke. Samstundes har FNF Møre og Romsdal bede om at det knytt til spelemidlane blir gitt ei vurdering etter naturmangfaldloven på bruken av statsmidlane. For heile teksta, sjå   Utale - fordeling av spelemidlane i 2016 - 27 mai 2016

Betaling for lovleg ferdsel i friluft ?

Laurdag 09.01.2016 blei det innført ei løypeavgift på Skaret Skisenter i Molde kommune. Det grunnleggande prinsipp i friluftslova er at umotorisert ferdsel i utmark er gratis.  Det er ingen prinsipiell forskjell på om ein beveger seg på kunstsnø eller natursnø knytt til friluftslova (sjå http://allemannsretten.no/).

 

FNF Møre og Romsdal meiner at den avgifta som er innført på Skaret Skisenter er ulovleg jfr friluftslovens § 13 og § 14 og har bede Molde kommune om ein uttale om lovlegheita av denne avgifta jfr friluftslovens § 20 ledd c.  (sjå Løypeavgift på Skaret Skisenter - brev av 11 jan 2016 ). Molde kommune har i sitt svarbrev svara at allemannsretten gjeld også for området som Skaret skisenter disponerer. Vidare seier kommunen i sitt brev at dei ikkje gjev løyve til innkreving av løypeavgift. (sjå Løypeavgift på Skaret Skisenter - svarbrev frå Molde kommune av 13 jan 2016 )

 

IMG_0963

Kunstgrasbaner med gummigranulat som forureinar naturen

Plast som kommer på avveie i naturen, kan spreie miljø- og helseskadelege stoff. I tillegg bind plast/mikroplast til seg miljøgifter som allereie finnes i naturen og konsentrasjonen av miljøgifter kan mangedoblast. Plastpartikler kan difor vere helseskadelege og er ein kjelde til opptak av miljøgifter i organismar. FNF Møre og Romsdal har sendt ein uttale til kommunane i fylket om gummigranulat frå kunstgrasbaner som forureinar. I dette brevet uttaler vi at spreiing av gummigranulat ut i naturen/sjøen knytt til snømåking/drift av ei kunstgrasbane er i strid med forureiningslova og at kommunane må syte for å stoppe slik forureining straks. Vidare meiner vi at ein må vurdere anna oppbygging og fyllmasser i dei kunstgrasbanene som no er under planlegging. Heile uttalen sjå Brev til kommunane om kunstgrasbanar og gummigranulat - 6 feb 2017

 

Gummigranulat frå kunstgrasbane - foto Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal 

 

Ja til trivsel, nei til frislipp av vannskuter (Ferrari) på sjøen

Det er no til høyring eit forslag (høyringsfrist 23.03.2017) om å likestille vannskuter med fritidsbåt. Dette vil føre til fleire vannskutarar i høg fart nær land. For å synleggjere kva  revolusjon i hastigheit vi snakker om på sjøen er det gjort akselerasjons- og hastighetstester av vannskuter opp mot Ferriari og vannskuteren vinn (hastighet/akselerasjon på 120 knop(216 kmh)/2,9 sek).

 

FNF Møre og Romsdal har skrevet eit brev til kommunane i fylket og bede dei kome med ein uttale knytt til dette forslaget om frisleppet av vannskuter.

Forum for natur og friluftsliv meiner at Norge har ein av verdas flottaste kyster og vårt fylke er spesiell ved dei unike fjordane. Vi håper at kommunane vil bidra til å ta vare på trivselen og dei gode opplevelingane på og ved sjøen.    

Les brevet her: Brev til kommunane om vannskuter - 24 jan 2017

 

Vannskuter og fugl 

Friluftslova og sjikanøse stengsel

FNF Møre og Romsdal har i brev til kommunane i fylket informert om friluftslova og sjikanøse stengsel. Vi har bede kommunane rette merksemd på at å hindre lovleg ferdsel etter friluftslova ikkjer er greitt og må gjerast noko med. Vi har fulgt opp konkrete saker for å få desse sjikanøse stengsla fjerna slik at ålmenta ikkje blir hindra i å ferdast.

 

Informasjonsbrev: Informasjosbrev til kommunane om sjikanerande stengsel - 5 sept 2016

Eks på spesifikt brev om sjikanøst stengsel: Molde - Røbekk - førespurnad om sjikanøst stengsel 9 sept 2016

Privat skilt ved Røbekk

Ann Marit Rakstang Vikan frå Tingvoll fekk i dag «Friluftslivets ildsjelpris 2016»

Prisen vart i år delt ut for fjerde gong, til ei eldsjel som brukar tida si på å legge til rette for at andre skal få oppleve meir friluftsliv. Det er Norsk friluft som står bak utdelinga.

 

Ann Marit Rakstang Vikan frå Tingvoll seier ho deler prisen med heile 4H-organisasjonen.  4H er ein barne- og ungdomsorganisasjon, som har fokus på natur og menneske. Vikan har vore aktiv i 4H i 21 år, både i nærmiljøet i Tingvoll og på fylkesbasis.

 

Vikan er stolt over å få prisen, med ein pengesum på 50.000 kroner til friluftsføremål. Det skal brukast fornuftig. Vi må diskutere det i Grimstadhøgda 4H, seier Vikan. Grimstadhøgda 4H har bygd opp eit friluftsområde på Årsund i Tingvoll, med blant anna gamme, grillhytte, snikkarbod og naust. Ho kan love at pengane skal gå til noko som varer, som alle brukarane av området får nyte godt av.

 

Stortingsrepresentant Jan Bøhler (Ap) som medlem i juryen seier at grunnen til at 4H fekk prisen, er at organisasjonen betyr mykje over heile landet.

"Vi har vald ein person som er bilete på anerkjenninga av heile 4H-bevegelsen. På Tingvoll har dei laga ein heil møteplass med mange aktivitetar for barn og unge". Han synest den store innsatsen til Ann Marit Rakstang Vikan er verdt ein pris.

 

Alle dei grøne frivillige organisasjonane i Møre og Romsdal gratulerer !

Auke i transport skal skje ved kollektiv transport, gåing og sykling

FNF Møre og Romsdal har saman med Sylistenes landsforening kome med ein uttale til forslag til ny E39 Bolsønes-Fuglset i Molde kommune. Vi ønskjar med vårt innspel å gjere det enklare å velge miljøvenlege transportmetoder, og at det skal finnast eit reelt alternativ til å benytte motoriserte kjøretøy for å kunne kome seg til og fra jobb, skule og fritidsaktiviteter. Vi er ikkje samde i forslaget om ein firefelts veg frå Årø og inn mot sentrum, og at E39 blir lagt gjennom byområdet. Vi har bede om at det må utarbeidast ein alternativ transportplan før kommuneplanen blir vedteken. Subsidiært ønskjer vi at det blir gjort utbetringar på diverse punkt i den plana som no er til høyring. For heile teksta, sjå Uttale til deltaljregulering E39 - Bolsønes Fuglset - pr 26 mai 2016

 

 

Vegdirektøren om sykkel

Korleis skal turvegane sjå ut ?

Vi ser at på ein del stader trengs det og byggast nye turstiar og turvegar slik at folk lettare kjem seg ut i naturen. Desse anlegga har ofte dei beste hensikter i høve til at dei fremjar folkehelse og naturkontakt, men diverre er det også her mogleg og gå feil. I eit brev til kommunane har FNF Møre og Romsdal kome med nokre råd for kva ein skal vere merksame på ved desse tiltaka. Informasjonsbrev til kommunane om stiar og turvegar - pr 4 nov 2015

 

Sti på Runde - 13 mai 2015 - foto Gunnar Hansson Haddal

Stibygging på Runde (fotograf Gunnar Hannson Haddal)

Byggje ut fleire vassdrag i Rauma og Nesset ?

Dei natur- og friluftslivsinteresserte organisasjonane i Møre og Romsdal har kome med ein uttale knytt til planar om 12 (11) kraftutbyggingar i Rauma og Nesset. Vi har vald å gje ein uttale sjølv om vi ser at einskilde av prosjekta ikkje kan vere rekningssvarande og at nettilgangen manglar eller er avgrensa.  Vi har prøvd å verdsette naturen og folks oppleving av naturen og vege desse opp mot samfunnets behov for kraft. Då har vi naturen til våre barnebarns barn i tankane, og vi tør då å meine noko om kor mykje meir av vassdragsnaturen vår generasjon kan ta for seg av. For heile uttalen, sjå; Uttale kraftpakke Rauma Nesset - 20 mars 2015

 Gluterholet i Rauma kommune - foto Romsdal com

Gluterholet (foto Romsdal.com) 

Kartlegging av friluftsområde for å køyre snøskuter ?

FNF Møre og Romsdal har kome med ein uttale til arbeidet med kartlegging av friluftsområde i Rindal kommune. FNF ønskjer kartleggingsarbeidet velkome, men ønskjer at det er friluftslivsinteressene og medverknad frå folk flest skal vere førande i dette arbeidet. FNF ber om at Rindal kommune startar arbeidet på nytt etter mal frå vår fylkeskommune og retningsliner gjeve av Miljødirektoratet. For heile uttalen sjå; Uttale til høyring om kartlegging av friluftsområde i Rindal kommune - 25 feb 2015

 

vedlegg til uttalen; Fomannskapsmøte - Kristiansund -9 nov 2010 - framlegg og vedtak , MAL oppstartsvedtak friluftslivskartlegging

Nå er det vår tur til å ha det gøy!

I friluftslivets år 2015 ønskjer dei grøne frivillige organisasjonane i Møre og Romsdal fylke og invitere til  ein felles Friluftsleir. Friluftsleiren blir på Setnesmoen i Rauma kommune 9-12 juli 2015 

  

Med denne leiren vil vi syne fram dei ulike organisasjonane kva dei driv med og invitere til nye medlemmer  -  Dei ulike organisasjonane vil bidra med sine aktivitetar og instruktørar  -   Vi ønskjer med leiren å samle ungdomar til artige øvingar i friluft i Romsdalen  -   Overnatting i teltleir  -  Deltakarane må stille med personleg utstyr (klede, sovepose, liggjeunderlag)  -  Aldersgruppe  13-17 år, mindre ungar må stille med foreldre/vaksenkontakt  -  Påmelding gjennom Fjellfestivalen si nettside som startar snart - Vi håper å få med 400 ungdommar - Møre og Romsdal fylkeskommune er med og finansierer leiren - Utfyllande innhald i leiren med påmelding etc kjem etter kvart

Friluftslivets år 2015 

Fresk luft på treningssenteret

Trening på treningssenter er nest etter turar i skog og mark, den treningsformen som den vaksne delen av folket vårt helst vil ha. No kjem det noko nytt i form av at det blir gjort forsøk med å plassere treningsapparata ut i freskluft. I Folkeparken i Kristiansund og ved Molde Idrettspark har du døme på dette. Dette er anlegg som ein får tilskot til (spelemidlar) knytt til at det er godkjent som eit nærmiljøanlegg (sjå Treningsssenter i det fri ). Ta turen innom desse ute-treningssentera og prøv du også !

 

Utandørs treningsapparat - Hagneset Vestnes kommune 

Henger med venner: Håkon Olsen, Kjell Olav Sæter og Jonas Finnøy leker seg i stativet. Foto: Øystein Bjerkeland

Auka satsing på sikring av friluftsareal

Saman med våre to friluftsråd og Møre og Romsdal fylkeskommune har FNF Møre og Romsdal arrangert tre samlingar i fylket knytt til tilskotsordninga for sikring av areal til føremål friluftsliv. Dette med utgangspunkt i det viktige arbeidet det er å sikre ålmenta tilgang til rekreasjonsområder og at det ikkje var søknader om denne tilskotsordninga i 2014. Dagsorden på møta: Invitasjon møterunde sikring av friluftslivsareal - haust 2014

 

 

Sjå nettsida til fylkeskommunen (sjå: mrfylke.no/Tenesteomraade/Plan-og-analyse/Friluftslivomraade/Sikring-av-friluftslivomraade).

 

 IMG_0423

Bremsneshola - snart sikra som friluftsområde 

Friluftslivets veke 6 - 14 sept 2014

   

Over hele Norge markeres Friluftslivets uke 7.-14. september. Følg med og se hva som skjer der du bor - her er noen av de spennende aktivitetene som er planlagt rundt om i landet. 

 

 

Vil du være med og feire friluftslivet? 7-13 september arrangeres det turer og morsomme friluftsaktiviteter over hele Norge. – Friluftslivets uke skal gi flere opplevelsen av hvordan det er å være ute, og hvor fantastisk den norske naturen er - ikke minst i nærmiljøet. Natur gjør seg flott på TV, men er enda bedre å oppleve i virkeligheten, sier Lasse Heimdal, Generalsekretær i Norsk Friluftsliv.
 
Friluftslivets uke har som mål å inspirere flest mulig til å benytte seg av lokale tur- og friluftslivsmuligheter. Mange av Norsk Friluftsliv sine 4685 lokale lag og foreninger, og 722 000 medlemskap vil delta i aktiviteter denne uken.

 

Her er noe av det som skjer i vårt fylke - finn noe du syns ser spennende ut, og bli med!

 

 

 

Arrangement i Friluftslivets veke på Sunnmøre: 

  

Naturlos august-desember 2014 

 

 

Arrangement i Friluftslivets veke i Romsdal og på Nordmøre: 

 

  Friluftslivets veke 6-14 sept 2014 - akt i Romsdal og på Nordmøre

Kraftverkspakke i Sykkylven og Ørskog kommunar

I denne kraftverkpakka er det søkt om 10 kraftverk i 7 vassdrag. FNF har saman med Ålesund og Sunnmøre Turistforening, Friluftsrådet Ålesund og Omland og NJFF meint noko om desse inngrepa. Vi har meint noko om naturvern, friluftsliv, biodiversitet, tal trua rødlistearter, INON-areal  i km2 og liknande i dei ulike vassdraga. Vi har gjennom dette dokumentet prøvd å verdsette naturen og folks oppleving av naturen og vege desse opp mot samfunnets behov for kraft. Vi har hatt naturen til våre barnebarns barn i tankane, og meint noko om kor mykje vassdragsnatur vår generasjon kan ta for seg av. Uttale 10 kraftverk i Sykkylven og Ørskog - 7 juli 2014Dynjafossen i Ørskogelva

Friluftsinfo

I forkant av friluftslivets år 2015 har FNF tenkt å sende ut informasjon om ulike nyheitssaker. Denne informasjonen går både i epost og blir lagt ut på nettsida.

Info; sjå Frilufts-Info 1-2014

Korleis skal me krysse Langfjorden ?

Syklistenes Landsforening (SLF) og FNF Møre og Romsdal har kome med ein felles uttale til plana som no er lagt ut for kryssing av Langfjorden for trafikantar mellom Rauma og Molde kommunar. SLF og FNF meiner at vi må våge å satse samferdselspengar til tilrettelegging for syklistane og ikkje ta krokfot på alt ikkje-motorisert rørsle med håplause tunnelar.

 

Vi ser at offentlege myndigheiter snakkar mykje om miljøvenlege løysingar innan transport. Her har ein moglegheita til å vise at ein meiner alvor med sine miljøfyrtårn, klimamål og global solidaritet. Vi ber om at om ein ønskjer å gå vekk frå ferja som transportform for kryssing av Langfjorden, så byggjer ein bru med tilgjenge for gåande og syklande fysisk adskilt frå motoriserte farkostar

 

Uttale til plan for kryssing av Langfjorden - 28 april 2014

Bruløysing alle med

FNF ønskjer turveg i Moldemarka

FNF Møre og Romsdal har kome med ein uttale knytt til høyring av ein planlagt skogsveg i Moldemarka. På ei strekning på omlag 3 km frå Kringsjå til Kvam er det i Moldemark-plana (kommunedelplan vedteken i 1999) bestemt at det skal byggjast ein kombinert turveg/skogsveg. Den vegen som no er til høyring er etter FNF sitt begrep ikkje i tråd  med kommunedelplana og den representerer eit alt for stort inngrep i Moldemarka. Friluftsinteressene er ikkje tent med ein slik skogsveg, men er meir tent med ein turveg som vedteken i kommundelplana av 1999.

Uttale - skogveg Moldelia -  22 april 2014

Moldeelva - foss nedom Fjellbrudammen  9 juni 2011 005

 

Spelemidlar til turstiar og turvegar

Fylkeskommunen har i 2014 godkjent 24 søknader om friluftslivsanlegg i fylket som moglege for tilskot frå spelemidlane. 22 av desse er turstiar og turvegar som gjev folkehelse i stort monn. Det er mykje frivillig jobbing berre bak desse søknadane. Så er det å håpe at alle desse turstiane blir prioritert når politikarane skal prioritere spelemidlane i 2014. FNF har også spela inn sine prioriteringar og vurderingar til fylkespolitikarane knytt til spelemidlane i eige brev (sjå; Utale - fordeling av spelemidlane 2014 )

 

Friluftsliv 2014 - årets søknader pr 14 marsIMG_1068

Bilde teke frå turstien "Annas fotspor" ved Draget i Kristiansund

Fellesmøte FNF 2014

Frislepp av snøskuterkøyring

FNF Møre og Romsdal ønskjer ikkje eit frislepp av snøskuterkøyring. Fornøyelsekøyring med snøskuter er ikkje noko dei grøne organisasjonane ønskjer. FNF har kome med ei bekymringsmelding som er sendt til miljøvernministeren der ein frarår at regjeringa opnar for ei prøveordning i 106 kommunar der ein tenkjer å tillate fornøyelsekøyring (sjå: Uttale - frislepp av snøskuterkøyring - 9 des 2013 )

 

DSC_0086