Nye funn av svært viktige naturverdiar - ivareta Øystesevassdraget urørt til glede for framtidige generasjonar

Klikk på bilde for å lese rapporten

Forum for natur og friluftsliv (FNF) i Hordaland med Bergen og Hordaland Turlag, Norges Jeger- og Fiskerforbund Hordaland og Naturvernforbundet i Hordaland har tatt inititativ til ei ny naturundersøking i nedre del av vassdraget. Biofokus har utført oppdraget og har gjort nye interessante funn i vassdraget. Undersøkinga dokumenterer fleire svært viktige og sårbare naturverdiar i Øystesevassdraget.

 

I april i år gjennomførte stiftinga Biofokus nye naturundersøkingar i nedre del av Øystesevassdraget. Fossesprøytsona ved Ørredalsfossen vart undersøkt på ny, og ei skogsbekkekløft som ikkje har vorte undersøkt tidlegare vart gjennomgått. Berggrunnen i denne delen av Øystesevassdraget er dominert av fylittglimmerskifer og grønstein – kalkrik berggrunn gjev grunnlag for artsrike miljø.

 

Kartlegginga har ført til ny kunnskap om naturverdiane i Øystesevassdraget. Undersøkinga vurderer skogsbekkekløfta og fossesprøytsona ved Ørredalsfossen som ein av dei mest verdifulle døma på desse naturtypane i regionen. Biofokus har vurdert desse til å vera svært viktige. I kartlegginga vart det mellom anna oppdaga seks sårbare artar og fire nært truga artar innanfor artsgruppene mose og lav. Fleire av desse er særs fuktkrevjande artar, og difor sårbare for endringar i vassføringa. I fossesprøytsona vart dei to fuktkrevjande artane hårkurlemose og skoddemose registrert. I skogsbekkekløfta fann ein mellom anna den svært sjeldne arten tannkjølmose. Førebels er denne mosen kun kjent frå fire stader i Noreg, og lokaliteten i Øystesevassdraget er den største som er påvist her til lands så langt. I tillegg vart det registrert ein lavart som mogleg er ny for Noreg i skogsbekkekløfta, men det krevs vidare undersøkingar for å få ei sikker artsbestemming.

Kartlegginga er ikkje uttømmande, og det er framleis eit potensial for funn av nye naturverdiar i Øystesevassdraget. Biofokus vurderer konsekvensen av mindre vassføring til å ha store negative konsekvensar for både raudliste artar og leveområda deira.

 

Særskilde naturverdiar 

Naturundersøkingar i samband med kraftprosjekt skal sørga for at ein får eit oversyn over relevante konsekvensar av vassdragsinngrep på natur og miljø. I utgangspunktet er det utbyggjarane som har ansvar for å gjennomføra naturundersøkingar i samband med prosjekt. Det spesielle her er at frivillige natur – og friluftslivorganisasjonar har finansiert ei tilleggsundersøking, og at ein gjennom denne har gjort svært viktige funn av naturverdiar som ikkje tidlegare var kjent. Det er urovekkjande at det ikkje har vorte stilt krav om tilleggsundersøkingar i denne saka. FNF Hordaland vil no leggja fram dei nye funna for myndigheitene.

 

Øystesevassdraget er det siste større uregulerte vassdraget i denne regionen ein kan følgja frå fjell til fjord. Dei øvste delane av vassdraget inngår i eit større inngrepsfritt område. I nedre del av vassdraget finn vi inngrepsfrie biotopar, som til dømes skogsbekkekløft og fosseprøytsone. Hordaland er allereie det fylket i landet som leverer det største volumet med fornybar energiproduksjon. – «Ein viktig dimensjon i klimaarbeidet er også å ivareta eit velfungerande naturmangfald med artar og naturtypar. Øystesevassdraget har store friluftsliv-, natur-, fiske-, landskaps- og reiselivsnæringsverdiar. Olje- og energidepartementet, og Regjeringspartia, har no ein aller siste sjanse til å ivareta Øystesevassdraget urørt til glede for framtidige generasjonar», understreker Helene Ødven, dagleg leiar i Bergen og Hordaland Turlag.

 

Arrangementer i tilknytning til Øystesevassdraget: Naturvernforbundet, Bergen og Hordaland Turlag og Norges Jeger- og Fiskerforbund i Hordaland - i samarbeid med sine lokallag i Kvam - tatt initiativ til vassdragsseminar i Øystese, 2-4. september 2016. Seminaret vil ha fokus på Øystesevassdraget. Natur- og verneverdier i vassdraget vil bli belyst. Organisasjonsmedlemmer, utbyggere, myndigheter, politikere og andre interesserte ønskes velkommen. For mer informasjon om vassdragsseminaret og påmelding Se her

Bergen og Hordaland Turlag arrangerer også tur langs Øystesevassdraget 4. september, for informasjon og påmelding til turen se Turlagets hjemmesider

 

Fakta: 

  • To søknader om kraftprosjekt i Øystesevassdraget ligger nå til behandling i Olje- og energidepartementet.
  • BKK Produksjon AS har søkt om å overføre Vossadalsvatnet i Øystesevassdraget til Samnangervassdraget.
  • Øystese Kraft AS har søkt om å få lage et kraftverk i vassdraget nedenfor Fitjadalsvatnet.
  • Departementet avholder informasjonsmøte 31. august i Øystese og gjennomfører befaring til Øystesevassdraget den 1. september.
  • Regjeringen vil ta den endelige beslutningen i saken.  

Rapporten i sin helhet leser du HER