FNF inviterer til ope Bålmøte i Sogndal fredag 9.september i Friluftslivets veke

Tema blir Naturen i Sogn og Fjordane - bruk eller forbruk? Kva vil vi med den storslåtte naturen i fylket vårt? Og vi rettar merksemda mot tilrettelagt friluftsliv og urørt og inngrepsfri natur.

Stad: Uteamfiet på Sogndal Folkehøgskule kl.19.30 

FNF markerer Frliuftslivets veke og inviterer til ope bålmøte om "Naturen i Sogn og Fjordane - bruk eller forbruk?". Kva vil vi med den storslåtte og unike naturen i fylket vårt? Den mest varierte i heile Norden. Korleis bør vi forvalte den? Vi retter merksemda både mot det tilrettelagte friluftslivet og tilgangen til urørt og inngrepsfri natur.

 

- Tom Dybwad (Fylkesmannen/Sogndal Turlag) innleiar om emnet. 

- Silje Marita Vallestad frå DNT Ung i Sogn og Fjordane snakkar om kvifor det er  viktig å få flest mogleg unge ut i naturen.

 

I lyset av bålet vil Marino Ask (styreleiar i Sogn og Fjordane Turlag) og Erik Solheim (Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane) utfordre lokale ordførarar.

 

Bålsjef Hans Jakob Reite vil styre samtalen rundt bålet og sørge for å halde tempereaturen oppe. Gunn Marit Kvåle og Gjest Ingeson Kvåle vil stå for kulturinnslag og spele fjellsangar ved bålet.

 

Møt opp, kos deg ved bålet og hiv deg gjerne inn i diskusjonen!

 

Les meirBålmøte tekst FNF.pdf 

 

Bål