Ja til trivsel - nei til frislepp av vasskuterar

Lengtar du etter sommar i den norske skjergarden? I år kan lyden av bølgeskvulp og måkeskrik bli overdøyvd av vasskuterar i høg fart, kloss innpå strender og svaberg. Regjeringa vil fjerne den vasskuterfrie sona langs land.

Ein brei allianse av organisasjonar ropar no varsku: meir vasskuterkøyring vil gå ut over alle dei som brukar kysten og innsjøane som rekreasjonsområde. Fleire vasskuterar i høg fart nær land vil bety meir støy, fleire konfliktar og fleire ulykker i skjergarden og ved norske innsjøar. Den auka trafikken vil også gå hardt ut over sårbare sjøfuglbestandar. Frislepp av vasskuterar er ein korttenkt politikk som vil gagne få, og øydelegge for mangen.

 

Inntil 2013 var det forbode å bruke vasskuter i Noreg. I dag er det lovleg so lenge ein held seg minst 400 meter frå land på sjøen, og 500 meter frå land i ferskvatn.Det er lov å passere denne vasskuterfrie sonafor å kome til eit område for lovlig køyring, men då berre i veldigt lag fart; maks fem knop. Prinsippet er at vasskuterane ikkje skal øydeleggje natur, naturopplevingar for andre, tryggleik eller trivsel langs kysten.

Dersom regelverket for vasskuterar vert fjerna, blir reglane for vasskuter dei same som for båt. Då blir det i praksis fritt fram å køyre omtrent overalt. Problemet er at vasskuterar er laga for fartsleik, og det vert ofte køyrd med høg fart og brå vendingar på same området over lenger tid. Konsekvensane av regelendringane vil vere fleire vasskuterar medhøg fart og lyd, nærare land.

 

Organisasjonane som representerar natur, friluftsliv og hyttefolk med fleire har derfor gått saman om å be regjeringa ta vare på trivselen ved sjøen og halde på dei restriksjonane på bruk av vasskuter vi har idag.

Her er åtte gode grunnar for ikkje å gje løyve til meir vasskuterkøyring.

 

1. Fortrenge dei mjuke trafikantane. Det er allereie eit høgt konfliktnivå på sjøen på grunn av høg fart og mykje støy. Forslaget til regjeringa vil auke konfliktane ytterlegare. Vi fryktar at den auka motortrafikken som vasskuterane fører med seg nær land, vil fortrenge mjuke trafikantar som padlarar, badande, roarar, seglarar og dykkarar/fridykkarar- og redusere rekreasjonsverdien for turgåarar, hyttefolk, turistar og alle dei som oppheld seg ved kysten vår, på innsjøane og ved vassdraga.

 

2. Trugsmål mot dyre- og fuglelivet: Vår kyst har eit rikt fugle- og dyreliv, med viktige hekke- og yngleplassar. No viser forskning at vasskuterkøyring verkar negativt på dyrelivet gjennom støy og bevegelsar. Når vi veit at kvar tredje fugleart står på raudelista, som betyr at dei kan forsvinne frå Noreg, reprensenterar vasskuterane ei ny belastning for sårbare og utsette sjøfuglbestandar.

 

3. Aukar risikoen for ulykker: dersom vasskuterregelverket vert fjerna, blir det raske og lite føreseielege køyremønsteret til vasskuterane ein aukande tryggleiksrisiko for ikkje-motoriserte aktivitetar i sjø og innsjø.

Aktivitetar som padling i kano og kajakk aukar stadigt i popularitet, og er eit verdifullt tilskot til helsefremjande aktivitetar. Auka risiko for ulykker bør difor åleine vere grunn god nok til å halde på dagens regelverk.

 

4. på tvers av faglege tilrådingar: Ei evaluering frå Vista Analyse i 2014 konkluderar med at vasskuterkøyring kan ha vesentlege negative verknadar på friluftsopplevinga til andre grupper. Den eksisterande vasskuterfrie sona langs land spelar difor ei viktig rolle for å minske konfliktar og motsettningar mellom brukargruppene. Rapporten konkluderar med at dagens regelverk tek godt omsyn til natur og friluftslivsinteresser

 

5. Treng handheving  av regelverket - ikkje fjerning: Vasskuterar har vore tillaten i Noreg i berre tre år, og ulovleg køyring har allereie blitt eit stort problem. Difor treng vi ein betre handheving av reglane. Løysinga er ikkje å ta dei vekk - det bør heller setjast i verk tiltak som avgrensar dei negative konsekvensane av vasskuterkøyring. Av omsyn til tryggleik og handheving må det også innførast registreringsplikt til sjøs (også for vasskuterar), slik at det blir enklare å identifisere førarar.

 

6. Norskekysten er uoversiktleg: Den norske kystlinja er lite oversynleg, full av tronge sund, holmar og skjer. Storen delar av kysten vår passar difor dårlegt for leik med vasskuter. Dårleg oversikt gjev auka fare for at mjukare trafikantar vert påkøyrde ved vasskuterkøyring og faren  aukar dersom vasskuterane får operere nær land, slik forslaget til regjeringa legg opp til.

 

7. Går ut over reiselivet i Noreg: Noreg opplever ein sterk vekst innanfor naturbasert reiseliv og aktive opplevingar, i hovudsak ikkje-motoriserte aktivitetar. Vi fryktar at ein auke i vasskuterkøyring vil gjere det mindre attraktivt å oppsøke Noreg for friluftslivsopplevingar langs kysten. Det vil bidra til å svekke den unike merkevaren Noreg og det norske reiselivsproduktet.

 

8. Regjeringa går imot eigne argument: Dersom forslaget vert vedteke, går regjeringa på tvers av si eiga stortingsmelding om frifluftsliv. Her påpeikar regjeringa nettopp at motorisert ferdsel som vasskuterkøyring utgjer ein tryggleiksrisiko for dei som padlar, seglar, ror eller badar. Svaret på denne utviklinga kan ikkje då vere å opne fleire områder for meir støy og høg fart nær land.

 

Våre organisasjonar får mange meldingar frå folk som opplever at vasskuterkøyring allereie er eit problem, og er uroa for tryggleiken dersom denne trafikken aukar. Vi som jobbar for å at fleire barn og unge skal bli glade i natur og friluftsliv kan heller ikkje sitte med hendene i fanget og sjå på at skjergarden blir ein farlegare stad å ferdast.

Vi ber derfor regjeringa tenkje seg om ein gong ekstra for dei opnar opp for meir vasskutertrafikk langs verdas flottaste kyst. I staden kan Noreg velje å ta vare på trivselen og dei gode opplevingane i den norske skjergarden, so kan vi glede oss til sommaren 2017 og alle dei som kjem etter det.