FNF Østfold klager på byggehøyde

FNF Østfold har levert klage på detaljregulering for Nore og Vanem industriområde i Moss kommune. Vi mener at byggehøyden som er tillatt i planen ikke er i tråd med rikspolitiske retningslinjer for verna vassdrag og vi frykter at et monumentalt lagerbygg vil forringe opplevelsen av natur- og friluftsliv i området rundt Vansjø.

 

Klagen i sin helhet kan du lese her.

FORUM FOR NATUR OG FRILUFTSLIV (FNF)

er et samarbeidsnettverk mellom natur- og friluftslivs- organiasjoner på fylkes- nivå.

 

Formålet med FNF er å styrke organisasjonenes arbeid med å ivareta natur- og friluftslivsinteressene i aktuelle saker i de enkelte fylkene.  

Den framtidige verdien av Hornelen er større utan ein Via ferrata der

Fri natur er ein viktig ressurs for turistnæringa i fylket og for Bremanger, og vil bli endå viktigare i framtida. derfor står ein Via ferrata-fri Hornelen som ein sterkare merkevare enn fjellet med eit slikt anlegg. Sjå over fylkesgrensa til Møre og Romsdal kva litt målretta marknadsføring av Romsdalseggen har ført til. Det burde ikkje vere vanskeleg å få marknadsført Hornelen på same måte, som "rein tur i fri natur".

 Hornelen

 

Hornelen er Europas høgste sjøklippe der den med sine 860 meter stiger rett opp frå fjorden. Ei fjell som opp gjennom historia har gjeve inspirasjon til både overtru og fortelljingar. Det var blant anna eit av opphaldsplassane til hekser og dei holdt fest her oppe med Fanden sjølv. Fjellet er også staden for den fyrste klatreruta i Norge, besteget av Olav Trygvason.

Hornelen står no fram for ei ny tid der etablering av ein "Via ferrata" er under planlegging. Dette for å ruste både Hornelen og Bremangerområdet klar som turistdestinasjon for framtidige opplevingssultne gjester. Men er ikkje dette eigentlegt "å gå baklengs inn i framtida"? Er det eigentlegt grunnlag for eit slikt inngrep her? Har ikkje urørt natur større betydning for folk og turistar enn tilrettelagte opplevelsar? Kva med sikkerheten rundt Via ferrataen?, responstid til ulike redningsgrupper i området ved eventuelle uhell?, klima?


 

For å ta etableringa først. 

Store inngrep i urørt natur må til for å etablere Via ferrataen her. Det må etablerast ein ny sti frå Parkeringsplassen og opp der Via ferrataen er planlagt å starte. Den nye stien vil gå i eit område, som ut frå geologirapporten utarbeida av SGC /Geofare, omfattar å krysse fire skredvifter samt eksponert for steinsprang.

På grunn av den reelle faren for både steinsprang og skred, anbefalalar SGC /Geofare å bygge ein skredvoll for å sikre stien. Dette må jo vere den fyrste stien i Norges historia som blir sikra med ein skredvoll.

Sjølv om det vil bli sett inn tiltak med fjellrenskning i området, slik SGC /Geofare anbefalar, vil det fortsatt vere fare for naturlege steinsprang. SGC /Geofare skriv at "Store skredhendingar kan sjølvsagt medføre skredavsetningar utanfor dei normale leiene, so heilt skredsikkert er ikkje området".

So kven har eigentlegt ansvaret her ved u-hell som følge av eventuelle steinsprang/steinskred ovs?


 

Klima. 

Hornelen ligger i eit av dei mest nedbørsrike områda i landet (http://www.senorge.no/index.html?p=klima) med 3500-4000 mm nedbør i eit vanlegt år. I gjennomsnitttlig er det nedbør anna kvar dag gjennom sommermånadane.

Temperaturen spenner fra 9,5 grader til 13,8 grader (met.no) og gjennomsnitsvinden ligger på 6,7-7 m/sec. Den rådande vindretninga i området kjem frå sør og rett mot der den planlagde ruta skal gå opp austveggen på Hornelen. Ofte blir klatreturar på andre eksponerte fjell avlyst ved vind sterkare enn 8 m/sec (norgesguidene.no, breogfjell.no). Dette pga nedkjøling, dårleg kommunikasjon mellom deltagara, samt at stresspåkjenning blir ofte forsterka for deltagarane. På Hornelen vil vinden sannsynlegvis ligge over 8 m/sec rundt halparten av dagane i denne perioden som er aktuell for å bruke Via ferrataen.

Alle fjella i Sogn og Fjordane over 800 moh ligg, statistiskt sett i tåke 50 % av årets dagar (met.no), spesielt kystfjell som Hornelen.


 

Redning. 

Ein må rekne med at det vil forekomme persons ulykker/skader på ein slik Via ferrata, dette fordi ruta er eksponert både for høgde, samt antall dagar med nedbør, vind og tåke

Frå Norsk luftambulanse i Førde vil det realististkt ta ca ½-1 time å nå Hornelen. Oppdrag redningmannskapet på helikoptera kan utføre er avgrensa i tilfelle den skadde ligger i det som blir omfatta som alpint terreng. I dei tilfellene blir Alpine redningsgrupper tilkalt for å bistå. Det tar ca 1 time å mobilisere ei alpine redningsgruppe. Medrekna køyretid tar det henholdsvis 3,15 frå Ørsta (Sunnmøre alpine redningsgruppe) eller 4 timar frå Sogndal (Jostedalen alpine redningsgruppe) til parkeringsplassen ved f.eks Hunnskår.

Om redningshelikopteret blir forhindra av tåke eller andre oppdrag, vil det for dei Alpine redningsgrupper ta opptil fire, fem timar å ta seg fram til den skada. Deretter tar det ofte tilsvarande med tid for å få den skadde ned igjen på trygg grunn. Difor kan det realistisk gå mellom 8-12 timar før den skadde er komt i sikkerheit.


 

Allemannsretten. 

Kan ein ta betalt for å entre denne Via ferrataen? I følge frifluftsloven står det: At alle har rett til å ferdes fritt i naturen så lenge det ikkje er til sjenanse for andre og opptrer hennsynsfullt og at man tar naturen slik den er.

Slik sett gjev allemannsretten økonomiske hindringar for å tjene pengar på dette anlegget då ein ikkje kan hindre folk i å gå der fritt utan å kreve betaling av dei. Det må då vere med ein eventuell fjellførar/fjellførarfirma at det økonomiske bilete kjem inn her.


 

Naturopplevelsar kontra opplevelsar. 

Er det sammsvar mellom kva reiselivsnæringa vil tilby og kva turisten vil ha?

Kva er det eigentlegt turisten søker? Er det naturopplevingar som står sterkast i deiras ønske, eller er det dei tilrettelagde opplevingar der ein gjer naturen om til ein fornøyelsepark som står i høgsete?

Om ein anlegger Via ferrataen opp Hornelen, vil nok dei fleste nytte den allerede tilrettelagte turstien. Dette fordi ein tur i Via ferrataen vil gå i so eksponert terreng at det vil vere uaktuell for dei fleste turgåarara, samt også uaktuell for fjellklatrarar som tek seg opp fjellveggen på eigen hand. Ein står då igjen med ei lita gruppe som Via ferrataen er aktuelt for. Ei gruppe som då blir tiltrekt inn i klatreterreng utan å ha naudsynt kompetansen på plass, både når det gjelder høgdetilvenning og ferdighetene til å bevege seg i luftigt terreng sjølv med tilrettelegging.


 

Urørt natur blir det mindre av i landet vårt, desto viktigare er det å ta vare på det vi har igjen. Dette, både for oss sjølv, men også av respekt for framtidige generasjonar.

Turistane trekker fram Fjordane og den urørte naturen som dei største verdiane for valget deiras av destinasjon. Både vinter og sommarstid har antallet turister auka. Dei velger å komme til Norge på grunn av vår urørte natur. Følelsen av å gå i fri naturen utan inngrep gjev dei ein mykje større opplevelse enn å nytte tilrettelagde tilbod slik Via ferrata symboliserar.

DNT setter fortsatt nye besøksrekordar på hyttene sine kvar sesong, og antall turar som blir gjennomført i fjellheimen vår i regi av fjellføringsfirma aukar frå år til år.

Det som er likheitsteikne her er naturopplevelsar, nærkontakt med natur utan inngrep.

Ein Via ferrata opp Hornelen vil nok bli besøkt, men av kor mange? Kva økonomisk grunnlag vil dei besøkande legge igjen i nærområda i forhold til størrelsen på naturinngrepa? 7 millioner vil det koste å få anlegget opp å gå.

Kva med å rette ressursane mot på å marknadsføre Hornelen slik han er i dag, som "rein tur i rein natur". Sjå kva litt målretta marknadsføring av Romsdalseggen har ført til. Det burde ligge til rette for å få marknadsført Hornelen på same måte. Naturen ligger ivertfall til rette for det.


 

Urørt natur er ein viktig resurs både for oss, våres framtidige generasjonar samt turistane velger å kome til Norge. Derfor står eit Via ferrata fritt Hornelen sterkare som merkevare for framtida.


 

Tørr å la Hornelen forbli innstalasjonsfri, det vil alle tjene på i framtida!