Sjikanøse stengsel - kommunane bryt friluftslova og forvaltningslova

FNF Møre og Romsdal sendte 22 jan. 2018 ut ei pressemelding til fylkets kommunar og media knytt til at kommunane ikkje svarer på brev/e-postar frå FNF knytt til sjikanøse stengsel. Dette er eit brot både på folkeskikk, forvaltningsskikk, forvaltningslova og friluftslova. FNF sendte med dette ein klar beskjed til kommunane at dei må ta ansvaret dei har for å sikre ferdselsretten til folk flest.

Pressemelding sendt ut til kommunar samt medier i Møre og Romsdal 23 jan. 2018

 

Friluftslova frå 1957 gjev rett til ferdsel på annan manns grunn når det skjer omsynsfullt og med tilbørleg varsemd. Det er ikkje tillate å hindre folk i denne lovlege ferdselen. Likevel får FNF Møre og Romsdal og medlemsorganisasjonane våre stadig tips om ulike typar stengsel og ferdselshinder av fysisk eller psykisk art rundt om i fylket. Dette gjeld ofte område med mykje ferdsel og der det er lite areal pr. person.

 

Dei fysiske hindringane er ofte hekkar, bommar, gjerde og liknande. Typiske psykiske hinder er flaggstenger, plattingar, blomsterpotter og liknande, og ikkje minst skilt/plakatar som har til hensikt å stoppe lovleg ferdsel.

 

FNF Møre og Romsdal vil peike på at det finst mange stengsel i fylket vårt som er lovstridige jfr. friluftslova. Derfor bad vi den 5. september 2016 kommunane i fylket om å ta opp dei konkrete utfordringane og vurdere sakene etter § 13 og § 20 ledd c) i friluftslova og vurdere fjerning etter § 40.