FORUM FOR NATUR OG FRILUFTSLIV (FNF)

er et samarbeidsnettverk mellom natur- og friluftslivs- organiasjoner på fylkes- nivå.

 

Formålet med FNF er å styrke organisasjonenes arbeid med å ivareta natur- og friluftslivsinteressene i aktuelle saker i de enkelte fylkene.  

4H krev besøksgardar i heile landet

Logo_4H_Norge_farge

4H Norge samla til landsmøte på Sola krev at det arbeidast for at det i alle kommunar finst minst ein besøksgard der born og unge kan læra om matproduksjon og matkultur. I tillegg til å organisere aktivitetar for barnehagar og skuler gjennom året, bør besøksgardane vere ope i helger og feriar slik at folk i alle aldrar kan nyte godt av dei.

 

Ein besøksgard er eit bindeledd mellom urbant og ruralt liv, og mellom fortid og framtid. Born og unge som veks opp, både i by og på bygda, har ofte ikkje fyrstehands kunnskap om kvar maten kjem frå eller kulturarven gardane held i hevd. 4H Norge meiner difor at det er på tide med ein dugnad for folkeopplysning som særleg born og unge treng, og vil nyte godt av, gjennom ei storstilt satsing på besøksgardar.

 

Ein besøksgard er ein møteplass som bidreg til å redusera avstanden og auke forståinga mellom dei som produserer maten og dei som et han. 4H Norge har i dag eit nettverk av over 50 4H-gardar. Dei er plassert over heile landet og tek årleg i mot meir enn 400 000 besøkande. 4H Norge meiner at alle born i landet bør ha tilgang til ein 4H-gard eller ein anna besøksgard.

 

4H-gardane tek mellom anna i mot barnehagar og skuleklasser og gjev born og unge kunnskap om økologiske samanhengar, matproduksjon, dyr og natur. Det er kvalitetar ved utandørs undervisning som ein ikkje finn i eit klasserom, og dei kan nyttast som ein viktig kjelde for å tilby elevane meiningsfulle og kreative læringsprosessar. Mange av gardane ligg og slik til at dei kombinerer aktivitetar på garden med friluftsliv, og med moglegheit til å visa fram matauk frå skogen eller sjøen som supplement til landbruksproduksjon. Når elevar får vere i kontakt med dyr og natur, får dei andre opplevingar og røynsle som dei vanlegvis ikkje får i eit klasserom.

 

Ein besøksgard er ein god arena og møtestad mellom ulike brukargrupper og generasjonar. Mangfaldet av besøksgardar er stort og spenn frå små gardar som utelukka driv besøksverksemd til store produksjonsanlegg. Felles for dei alle er at dei brenn for dyrevelferd, rein mat og ikkje minst formidling av dei verdiane som ligg til grunn for norsk landbruk.

 

Les mer

 

Kontaktinfo:  

Leiar i 4H Norge Siri Myhre, tlf. 926 13 377.

Generalsekretær Signe Lindbråten, tlf. 932 22 335.

 

4H Norge hadde sitt landsmøte på Quality Airport Hotel i Stavanger, 20. – 21. juli 2018.