Ope folkemøte om vindkraft

På Skjerjehamn hotell på Sandøy i Gulen vert det ope folkemøte om vindkraft, laurdag 9.mars kl.12-15 Ope møte vindkraft Sandøy 9.mars Program

Laurdag 9.mars på Sandøy i Gulen kommune, arrangerar vi i samarbeid med fleire friviljuge organisasjonar eit ope folkemøte om vindkraft.

Dette er knytt til Norsk Vind sine planer om å revitalisere tidlegare prosjekt om vindkraftutbygging på Sandøy og pågåande arbeid med konsesjonssøknad til NVE.

Nokre grunneigarar har inngått avtale med Norsk Vind medan det også er stor lokal motstand. Gulen kommune ønsker ikkje ein utbygging her.

Området ligg i Miljødirektoratet sitt framlegg til eksklusjonsområde som område 18 i rapporten http://www.miljodirektoratet.no/Documents/publikasjoner/M1262/M1262.pdf