Bli med Å gå for naturen! 20.juni på Dalsbotnfjellet i Gulen

Vi kan redde klimaet utan å rasere norsk natur! 

  

Det er eit stort, grønt paradoks om vi byggjer ned og fragmenterer økosystem, jaktområde, vakker natur og flotte fjellområde for å produsere fornybar energi. 

 

Derfor ber vi politikarar, styresmakter og næringsliv velje dei mest effektive klimatiltaka med minst mogleg tap av natur.

 

Friluftsliv er den mest populære fritidsaktiviteten blant nordmenn. Naturen er vår ladestad. Vi tek barna med på ein kveldstur nær oss eller vi søker til fjell og skog for ein solid pause i kvardagen. Men meir enn nokon gong er naturen og alt den gjer for og med oss, truga. 

 

Vindkraftutbygging og industrialisering av urørt natur handlar ikkje om vi klarar å sjå nokre turbinar i horisonten. Vindkraftanlegg gir store, irreversible inngrep i terrenget; myrer vert gravne opp, fjell vert sprengt for å lage skjeringar til milevis med vegar, og innsjøar vert fylt med grus. Anlegga medfører støyplager, lys, refleksblink og varige sår i naturen.

 

Vi kan sjølvsagt ikkje lukke auga for klimautfordringane: Noreg må kutte utslepp av klimagassar og vi må omstille oss til eit meir berekraftig samfunn, og vi skal vere med på denne innsatsen. Men det treng ikkje å bety at vi øydelegg store naturområde. Vi ber politikarane auke innsatsen for energisparing og -effektivisering. Vi kan også produsere meir fornybar energi ved å ruste opp vasskraftverk som allereie er bygd ut, og satse på solenergi og vindkraft til havs. Då bidreg vi til å redusere utslepp av klimagassar utan å rasere norsk natur.

Vi treng naturen vår. Den produserer lufta vi pustar i, og tek opp og lagrar karbonet vi pumpar ut i atmosfæren. Naturen er grunnlaget for all matproduksjon, bryt ned ureining og er heim for alle levande skapningar - ikkje berre menneske. Naturen er vårt opphav og vår heim, sjølv om mange ser ut til å ha gløymd kor vi kjem i frå og at vi er avhengig av den.

 

Det kviler eit stort ansvar på våre folkevalde. Dei må klare å gjere to ting på ein gong, nemleg å velje dei mest effektive klimatiltaka med minst mogleg tap av natur. Då kan vi gje vidare til barnebarna våre både eit godt klima og opplevinga av urørt norsk natur.

Den 20. juni kan du bli med oss på marsj for naturen på Dalsbotnfjellet i Gulen.

 

Sogn og Fjordane Turlag, Ron Overdevest

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane, Jon Anders Stavang

NJFF Sogn og Fjordane, Alf Erik Røyrvik

Norsk Ornitologisk Foreining Sogn og Fjordane, Anders Braanaas

Forum for natur og friluftsliv Sogn og Fjordane, Elisabeth Dahle