Friluftsliv er gratis

FNF Møre og Romsdal bryr seg mellom anna om ålmenta sine rettar samt gratisprinsippet i vår friluftslov. Vi ser at på ein del turparkeringsplassar i fylket vårt er det krevd inn p-avgift. Vi har no bede to kommunar i fylket (Vestnes og Gjemnes) gjere turparkeringa på dei statleg sikra parkeringsplassane på Ørskogfjellet og Fursetfjellet i Gjemnes kommune gratis. Vestnes kommune har allereie svara positivt på dette og vil avslutte betaling for turparkering på Ørskogfjellet.  

 

Brev til Vestnes kommune om p-avgift - 5 april 2019

Brev til Gjemnes kommune om p-avgift på Fursetfjellet - 3 juni 2019