Gondolbane på toppane i Romsdalsalpane ?

No er det til høyring ei reguleringsplan som legg til rette for å byggje ei gondolbane frå Åndalsnes opp til Nesaksla samt diverse sørvisanlegg på Nesaksla. Forum for Natur og Friluftsliv synes det er viktig å sikre eit naturvenleg friluftsliv i Noreg for framtida, og det er viktig at reiselivssatsinga blir meir berekraftig og dermed meir naturbasert enn ho har vore til no. Vi trur at Romsdalseggen som no er eit sentralt turmål i nasjonal- og internasjonal samanheng, vil bli forringa av gondolbana.  Vi rår difor Rauma kommune til å ikkje tillate bygging av gondolbane m.m. slik det her er omsøkt. 

sjå Uttale til detaljregulering gondolbane Åndalsnes - 4 juli 2019

 Romsdalseggen - frå DNT Romsdal (Foto Line H. Braute)