UTMARKA ER FOR ALLE, SJØLV I JAKTTIDA

FNF Møre og Romsdal legg fram ei pressemelding før jakta:

 

Hausten ei fantastisk fin tid for å hauste av naturens goder. Det vere seg bær, sopp eller andre gode eller berre vere ute på tur. Med hausten kjem au jakta og no på søndag 1 september starta hjortejakta. Diverre er det somme jegermiljø som meiner at skogen er berre til for jakt på hausten. Dette kan gi seg utslag i kjefting på turgåarar eller skilting for å skremme turfolket ut av skogen.Vår unike Friluftslov gir alle lov til å vere ute i utmarka, også på hausten. Skilting og utilbørleg adferd med hensikt å skremme andre enn jegarar ut av skogen er ulovleg jfr denne loven. Friluftsorganisasjonane vil oppfordra alle brukarar av naturen vår til å ta omsyn til kvarandre og gi plass til alle – GOD HAUST, INNHAUSTING OG SKITT JAKT   Jaktskilt