Husbrenning og anna brenning

Statens vegvesen (SVV) har bestemt at 26 stk boligar og andre bygningar som er innløyst i høve med bygging av ny E39 Lønset-Hjelset skal brukast som øvelseobjekt for brannmyndigheitene. Dei grøne organisasjonane i fylket har i eit brev til SVV peika på kva negative konsekvensar brenning har for folk og natur. Vi meiner at å spreie miljø- og helseskadelege stoff på den måten er uheldig og verkar negativt inn på folks haldning til brenning av avfall. FNF Møre og Romsdal ber Statens Vegvesen om å gjere greie for kva slags vurderingar som er gjort i høve til brenning av dei 26 bygningane på ny E39 Lønset-Hjelset. Vidare ber vi om å få innsyn i avtalen gjort mellom partane og kva økonomi som ligg i dette.

Sjå: Brev til Statens vegvesen om brenning av hus - 21 okt 2019

 

Brenning kr 40 000 - riving kr 140 000 på Brokelandsheia