Startpunkt i sentrum

Startpunkt i sentrum

 

Infrastruktur for auka fysisk aktivitet gjennom enkelt nærfriluftsliv og fysisk aktivitet i nærmiljøet. 

 

Sentrumsvarde med informasjon om turstier, -ruter og sentrumsnære arenaer for fysisk aktivitet og standarisert merking av desse. Vi nemner gåing/vandring, sykling, badeplassar, fiskeplassar, brygge/båtstø for roing/padling, universelt utforma anlegg og turstier, aktivitets- og klatreparkar osv.

 

Lavterskel tilbod, med start i sentrum og merking derifrå; enkle turar og kopling med samanhengande merking til lengre turar og toppturar. Utbetring og synleggjere av infrastruktur for å nytte seg av eksisterande og nye anlegg/arenaer for fysisk aktivitet og friluftsliv.

 

Lavterskel tilbod for alle, frå svært låg vanskegrad til stigande og med enkel tilkomst utan trong for transport. Berekraftig utvikling av sentrum og tettstader som inviterer til nærfriluftsliv og fysiske aktivitetar for alle, utan trong for lokalkunnskap for å finne fram. Trygt, enkelt og tilgjengeleg!

 

Samarbeidspartar vil vere lokale organisasjonar og lag, kommunar og overnattingsverksemder.

 

Samarbeidet i kommunane vil kunne danne grunnlag for og vere eit forarbeid til etablering av Kommunale aktivitets- og friluftsråd: