FnfHordalandAktueltArrangement › 25. august: Førpremiere på filmen Fedrelandet, fylkespolitisk miljødebatt og foredrag om Jostedalsbreen

25. august: Førpremiere på filmen Fedrelandet, fylkespolitisk miljødebatt og foredrag om Jostedalsbreen

FNF Hordaland inviterer til heilaftan på Bergen Kino (KP12) den 25. august kl. 1730.

Først blir det førpremiere på Margreth Olin sin storslegne film Fedrelandet. Trailer kan sjåast her.

Deretter skal fylkespolitikarane fortelje veljarane kva dei meiner om mellom anna kraftutbygging i naturen. Etter debatten blir det mogleg å stille politikarane spørsmål, i tillegg til veldig enkel bevertning, før professor Atle Nesje avsluttar kvelden med eit føredrag om Jostedalsbreen.

Arrangementet er støtta økonomisk av Norsk Friluftsliv, som er ein fellesorgansasjon for 18 frivillige friluftslivsorganisasjonar.

Billett sikrar du deg her: https://www.bergenkino.no/f/fedrelandet/820

______________________________________________________________________________________________________________

Debatten har me valt å kalla Må vestlandsnaturen byggjast ned for at me skal nå klimamåla?

I skjæringspunktet mellom kraftpolitikk, klimapolitikk og naturvern oppstår det ofte stor usemje – og me ynskjer difor å utforska forskjellar mellom fylkespartia når gjeld desse temaa. I Fedrelandet ser ein ikkje spor etter verken vindturbinar, tørrlagde elvar eller oppdemma innsjøar, og me må spørje oss kva me som samfunn og menneske mistar når naturen blir belasta med kraftutbygging. Det er ikke overraskande at til dømes store vindparkplanar i urørt natur ofte møter stor lokal motstand.

Samstundes blir det frå mange hald sagt at kraftbehovet vil auka i åra framover sidan Noreg skal prøve å etterleva sine forpliktingar til Parisavtalen, og difor erstatta fossile energikjelder med fornybare. Dei menneskeskapte klimaendringane er som me veit, i full gang – og vil berre auka på i framtida.

Men er det den vestlandske naturen, som produserer omlag ein fjerdedel av all norsk kraft, og som enno gir Vestland eit stort kraftoverskot, som skal byggast ytterlegare ned? Eller har Vestland no ofra nok natur? Og er det eigentleg slik at ytterlegare nedbygging av natur – til dømes med vindkraft – mest er å rekne som symbolpolitikk i klimasamanheng, som betyr lite i det verkeleg store biletet? Kanskje er det meir effektive grep som heller bør takast for å redusere klimagassutsleppa som Noreg som nasjon og folk genererer?

Som ei oppvarming til debatten sende me ut fem spørsmål som me ønskte svar på. Åtte av dei ti partia har no svara oss, og svara har me lagt ut her. Me takkar for alle tilbakemeldingane! Oversikta over svara blir sende båe til politikarane, til debattleiaren vår, til lokale og regionale media og til FNF-tilslutta organisasjonar i Vestland. På den måten håpar me å vere med på å setja klima, natur og energi/kraft på den fylkespolitiske dagsordenen no i valkampen.

Desse partia møtast i debatten: Arbeidarpartiet (v/ Espen Edvardsen, 5. kandidat), Høgre (v/ Dan Femoen, 5. kandidat), Folkets parti (v/ Nils Haugland, 1. kandidat), Fremstegspartiet (v/ Helge Stormoen, 7. kandidat), Kristeleg Folkeparti (v Arne Normann, 3. kandidat), Miljøpartiet Dei Grøne (v/ Nils-Anders Nøttseter, 1. kandidat), Raudt (v/ Jeanette Onarheim Syversen, 1. kandidat), Sosialistisk Venstreparti (v/ Marianne Sæhle, 3. kandidat), Venstre (v/ Åsta Årøen, 1. kandidat).

Debattleiar er Tom Skauge, som er styreleiar i Naturvernforbundet Hordaland.

Debatten startar etter filmen og ein kort beinstrekk.

Vel møtt!