FnfMøre og RomsdalAktuelt › Aktivitetskoffert

Aktivitetskoffert

FNF Møre og Romsdal har satt av midlar til ulike prosjekt i fylket som fremmer friluftsliv og naturvern – også kalla FNF-spleisen. Eit av desse prosjekta er «Aktivitetskoffert». Dette arbeidet er gjort av fylkeslaget av 4 H.

Koronaens utfordringar og rammer gjorde at ein del aktivitet stoppa opp også i 4 H. For å demme opp om dette har 4 H produsert aktivitetskoffertar som ville gjere det mogeleg å bistå klubbane med aktivitet, til tross for dei strenge rammene. I kombinasjonen med klubbrådgivarmøte med fokus på «naturen som læringsarena» og fem kortkurs har aktivitetskoffertane vore med på å halde opp aktivitet. Fokus har vore at aktivitetskofferten skal vere tilpassa alle, kunne brukast av alle og gi inspirasjon til å tenke litt annleis i friluftslivsaktiviteten – kanskje til inspirasjon til andre frivillige grøne organisasjonar i desse tider ? sjå https://fnf-nett.no/more-og-romsdal/download/616/