FnfMøre og RomsdalAktuelt › Avgift for turparkering ?

Avgift for turparkering ?

FNF Møre og Romsdal bryr seg mellom anna om ålmenta sine rettar samt gratisprinsippet i vår unike friluftslov. Vi har fulgt opp gratis-prinsippet no ved tre turparkeringsplassar i fylket.

I brev til tre kommunar (Volda, Fjord og Gjemnes) har vi først stilt spørsmål om turparkeringsavgifta som er innført er lovleg jfr friluftslovens § 13 og § 14. Vi les i rundskriv T‐3/07 om friluftsloven om friluftsloven § 14 (under pkt 7.4. og under pkt. 9.3) at ei turparkeringsavgift er eit enkeltvedtak i høve til forvaltningslova og at klagemyndigheit er Statsforvalteren. På dette grunnlaget har vi klaga på innføring av turparkeringsavgift på tre stader inn til Statsforvalteren. Vi legg til grunn vår klage at turparkeringa må vere gratis jfr intensjonen i friluftslova, subsidiært må avgifta stå i forhold til dei tiltak som er gjort til fordel for friluftsfolket.

https://fnf-nett.no/uttalelser-horinger/wp-content/uploads/sites/19/2022/03/Klage-p-avgift-pa-Fursetfjellet-i-Gjemnes-kommune-23-mars-2022.pdf

https://fnf-nett.no/uttalelser-horinger/wp-content/uploads/sites/19/2022/03/Klage-p-avgift-pa-Overoye-i-Fjord-kommune-22-mars-2022.pdf

https://fnf-nett.no/uttalelser-horinger/wp-content/uploads/sites/19/2022/03/Klage-p-avgift-pa-Reset-i-Volda-16-mars-2022.pdf