FnfMøre og RomsdalAktuelt › AVGIFT VED TURPARKERING – EI HINDRING FOR FRILUFTSLIVET

AVGIFT VED TURPARKERING – EI HINDRING FOR FRILUFTSLIVET

Vi har i dei seinaste åra observert at det blir meir og meir avgiftsparkering ved startpunkter for turstier og skiløyper i fylket vårt. Det er blitt satt opp fleire «heimelaga» plakatar som krev betaling for parkering, noko som er forsterka med moglegheita for å gjere dette enkelt til dømes ved VIPPS. Vår bekymring er at dette vil føre til at enkelte vil vegre seg for å parkere der og ikkje kome seg ut på tur. Mange av stadene blir det krevd kr 50,- for parkering, noko som ikkje er eit stort beløp, men i desse tider med prisstigning på det aller meste av nødvendigheiter, kan det vere at dette gjer at enkelte velgjer vekk turen.

Alle gode krefter i kommunane, fylkeskommunen, friluftsråda og dei frivillige organisasjonar jobber alle saman for å fremje folkehelse for alle ved å få folk på tur. Dette skjer ofte ved å opparbeide og tilretteleggje med enkle stiar og informasjon om desse. Då er det eit paradoks at ein samstundes sett ein avgift på utmarksparkering som avskrekker folket og då spesielt dei svakare stilte økonomisk, til å komme seg ut på desse tilrettelagte stiane i den flotte naturen vi har. Vi har sendt eit skriv til kommunane om dette teamaet, sjå https://fnf-nett.no/uttalelser-horinger/uttalelser/avgift-ved-turparkering-ei-hindring-for-friluftslivet/