FnfMøre og RomsdalAktuelt › Er bygging av hotell på utsida av Atlanterhavsvegen OK ?

Er bygging av hotell på utsida av Atlanterhavsvegen OK ?

Det er no til høyring ei oppstartsmelding for regulering av Gjeitøya på Atlanterhavsvegen for bygging av hotell. Forum for Natur og Friluftsliv synes det er viktig å syte for at alle får tilgang til naturen ved
Atlanterhavsvegen. Vi meiner at den nasjonale turistvegen også må ta omsyn til natur og friluftsliv,
noko som tilseier at eventuelle hotell-utbyggingar etc må skje på innsida av vegen og ikkje mot det opne landskapet på utsida av Atlanterhavsvegen. Vi ber om at Averøy kommune set i gang ein sikringsprosess for å sikre Gjeitøya til statleg friluftsområde slik som dei gjorde det så godt på Sør-Ildhusøya. Sjå heile uttalen her ; https://fnf-nett.no/uttalelser-horinger/uttalelser/oppstart-av-reguleringsprosess-for-gjeitoya-pa-atlanterhavsveien-uttale/