FnfMøre og RomsdalAktuelt › Etablering av kunstige badestrender ved utlegging av skjelsand – webinar 15 sept 2023

Etablering av kunstige badestrender ved utlegging av skjelsand – webinar 15 sept 2023

FNF Møre og Romsdal arrangerer eit kort webseminar (om lag 1 time) i korleis ein skal ta omsyn til natur når ein etablerer kunstige badestrender ved utlegging av skjelsand. Dette då vi ser at denne typen tilrettelegging for friluftsliv ofte går under radaren i den vanlege saksbehandlinga i kommunane og at ein har eit forbetringspotensiale her til å ta betre omsyn til naturverdiane. Vi meiner å sjå at denne utfordringa ikkje berre gjeld vårt fylke og vi har difor vald å invitere interesserte i heile landet. Tornes Dykk AS har no laga ein rapport (sjå vedlegg) der ein har samla informasjon om korleis ein skal te seg ved tilrettelegging av kunstige badestrender.

Rapporten skal forsøke å vere ein samlerapport med kunnskap om konsekvensar av skjelsandutlegging, og inneheld eit samandrag med avkryssingsliste/kokebok før ein starte tiltaket. Vi ønskjer med webseminaret den 15 sept. kl 13-14  å presentere rapporten der ein legg fram resultatet av granskinga samt har ein diskusjon over temaet.

Seminarprogram:

•            Framlegging av rapport ved Tornes Dykk AS ved Magnus Tornes (1/2 time om lag)

•            Spørsmål og diskusjon

sjå rapport her https://fnf-nett.no/uttalelser-horinger/uttalelser/rapport-naturhensyn-i-opparbeiding-av-badestrender-med-skjellsand-i-more-og-romsdal/