FnfMøre og RomsdalAktuelt › Fleirtalet av partia vil prioritere friluftslivet

Fleirtalet av partia vil prioritere friluftslivet

Møre og Romsdal har satt av midlar til ulike prosjekt i fylket som fremmer friluftsliv og naturvern – også kalla FNF-spleisen. Eit av desse prosjekta er «Friluftsliv i stortingsvalet 2021». Dette arbeidet er gjort av Sunnmøre Friluftsråd og Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal.


Kor viktig er friluftslivspolitikken for kandidatane som kjempar om plass på den nye Mørebenken? I staden for å invitere til bålsamtalar eller andre typar arrangement for travle politikarar no i valkampen, har dei to friluftsråda i fylket, SF og FNF, utfordra førstekandidatane til å svare på fem konkrete spørsmål som er viktige for friluftslivet:


• Grunnlovsfesting av Allemannsretten
• Auka statlege tilskot til friluftslivet
• Statleg sikring (kjøp) av fleire viktige friluftsområde
• Prioritere meir av spelemidlane til friluftsliv
• Krafttak for bygging av samanhengande gang- og sykkelvegnett

Fleirtalet av førstekandidatane til den nye Mørebenken seier rungande ja til grunnlovsfesting av Allemannsretten og meir pengar til friluftslivet. Men hos Framstegspartiet, Høgre og Senterpartiet er ikkje friluftslivspolitikken like tydeleg.


MDG, SV, V, KrF, Ap og Raudt har dei mest positive svara på alle spørsmåla, medan svara frå Høgre og
Frp tyder på at dei er mindre opptekne av å kjempe for midlar til friluftslivet framfor andre saker. For
Senterpartiet sin del, er det litt uavklart kva partiet vil bestemme seg for.
– Friluftslivet er avhengig av politiske vilje og offentlege løyvingar for å kunne legge til rette for befolkninga, seier dei daglege leiarane i dei to friluftsråda i Møre og Romsdal. Det er
stortingspolitikarane som avgjer rammer og lovverk. Å legge ansvaret for finansieringa på kommunane og fylka er ikkje rett. Løyvingane til friluftslivet er reduserte i dei siste statsbudsjetta, og det må endrast
om friluftslivet ikkje skal bli taparen igjen. Vi treng stortingspolitikarar som er medvitne på friluftslivpolitikken. 


Vedlagt tabell og ein presentasjon av kva partia har svart på kvart av spørsmåla frå friluftsråda, slik at lesaren kan samanlikne på tvers av partia. I tillegg har vi forsøkt oss på ei samla oppsummering av dei
konkreta svara i ein enkel tabell. Det er berre dei konkrete svara frå politikarane som er grunnlaget for vurderinga. Oppsummeringa er gjort av ei gruppe på fire: Ola Fremo, dagleg leiar i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, Pål Henry Høyberg, driftsleiar i Sunnmøre friluftsråd, Åsmund Steen, styreleiar i Forum for natur og friluftsliv (FNF) i Møre og Romsdal, og Morten Dåsnes, dagleg leiar i Friluftsrådenes
Landsforbund (FL). https://fnf-nett.no/more-og-romsdal/download/458/