Som først i landet lanserer Forum for natur og friluftsliv (FNF) eit friluftsbarometer for kommunane i Møre og Romsdal. Barometeret set måletal på 10 utvalde indikatorar som er viktige for breidda i friluftslivet. Målet er meir og betre friluftsliv i kommunane gjennom systematisk arbeid.
FNF Møre og Romsdal har med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune utarbeida barometeret, som gir ein peikepinn på i kva stor grad kommunane legg til rette for friluftsliv.