FnfMøre og RomsdalFriluftsbarometer

Friluftsbarometer

Friluftsbarometeret blir laga av Forum for Natur og friluftsliv (FNF) Møre og Romsdal på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Forslag til indikatorar var klare 1. juli 2024, men FNF vil jobbe vidare med utforming, vekting av indikatorar og presentasjon av materialet. Friluftsbarometeret skal lanserast hausten 2024.

Styringsgruppa for prosjektet er satt saman av FNF Møre og Romsdal. 

Formålet med friluftsbarometeret er auka fokus på friluftsliv. Vi ønsker å stimulere til at både kommunar, fylkeskommune og vi som driv med organisering av friluftsliv får eit spark i baken for å gjere arbeid med friluftsliv meir målbart, slik at det i andre rekke kan komme friluftslivet til gode.

Styringsgruppa for prosjektet er: Ola Fremo – dagleg leiar Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, Anne Berit Støyva Emblem – dagleg leiar Sunnmøre friluftsråd, Maria Holo Leikarnes – dagleg leiar DNT Romsdal; på vegne av dei frivillige organisasjonane i FNF, Ingbjørn Bredeli – koordinator Forum for friluftsliv Møre og Romsdal og Linda Bakken – koordinator for prosjekt Friluftsbarometer.