FNF Møre og Romsdal har reagert på den tidlege kantslåtten som no skjer i fylket vårt og sendt ei fråsegn til vegmyndigheitene. Vi meiner at kantslått tidleg før blomstringa skjer er uheldig av fleire årsaker; vegkantane har ofte stort botanisk mangfold, insekta og andre dyr er avhengig av blant anna vegkantane og naturen der, fuglar og dyr er freda i yngle- og hekketida, bøndene treng den avlinga dei kan få samt at kantslått er lite samfunnsnyttig/berekraftig. Elles meiner FNF Møre og Romsdal at det blir lagt for mykje vekstmedium/matjord i vegkantane som gjer at veksten her krev ein evigvarande ressurskrevjande driftsform. Vi rår vegmyndigheitene til å leggje sand og liknande i vegkantane og nytte matjorda på åkrane der vi produserer mat. Heile utttalen, sjå https://fnf-nett.no/uttalelser-horinger/uttalelser/kantslatt