FnfMøre og RomsdalAktuelt › Minstevassføring og ål

Minstevassføring og ål

Ålen er i sterk tilbakegong som art. Vi har ikkje oversikt over tilstanden til ålebestandene i vårt fylke. Det vi veit er at visse vassdrag historisk er kjent for sin gode ålebestand. Eit av desse er Hamreelva og Gjerdsetvatnet i Rauma kommune. Så har vi den situasjonen at no søkjer eit settefiskanlegg  om å få ta ut vatn utan å halde att ei minstevassføring i elva. Dette meiner vi er feil å gjere i 2021. Eit minimum krav med einkvart vassuttak i 2021 er minstevassføring, krav om jamn køyring og forbod mot start-stopp-køyring. De hjelp ikkje at settefiskanlegget på Hamre no for tida er med på redde utsette lakse- og aurebestandar, Hamreelva og ålen treng vatn. Sjå vår uttale:

https://fnf-nett.no/more-og-romsdal/download/504/