Matfiske
FnfMøre og RomsdalAktuelt › Nedbygging av strandsona – Notaholmen på Midsund

Nedbygging av strandsona – Notaholmen på Midsund

No har Sivilombodsmannen nettopp publisert sin rapport om dispensasjonspraksis i 100-meters beltet mot sjø i tre utvalde kommunar (sjå https://www.sivilombudsmannen.no/wp-content/uploads/2021/01/Sivilombudsmannens-undersokelser-av-dispensasjoner-i-strandsonen.pdf). I ein fellesrapport oppsummerer Sivilombudsmannen dei sentrale funna som er avdekka i undersøkinga, og gir konkrete anbefalingar til alle kommunar i landet. Samla sett viste undersøkinga store manglar ved Mandal, Askøy og Kragerøs sin dispensasjonspraksis i strandsona der utbyggar i 85 % av tilfella får byggje. Sivilombodsmannen seier; « Dette er urovekkende. Funnene gir oss grunn til å tvile på om kommunene har foretatt den vurderingen loven krever, og om kommunene har forstått loven korrekt.»

Så kjem søknaden om bygging av fleire hytter i fjøra på Notholmen i Midsund i Molde kommune. Vi har no to gonger (25.11.2019 og 26.01.2021) rådd frå å gå vidare med nokon reguleringsplan for bygging av hytter til ein campingplass og/eller anna utbygging på vestsida av Notholmen og området rundt. Dette grunna naturverdiane, friluftsinteressene og planstatus i kommuneplana. Vi greier ikkje å sjå kva spesielt tungtvegande grunnar som tilseier at ein skal byggje ned Notholmen og meiner strandsona er verdt å takast vare på. Vi meiner at dei utbyggingane som allereie har skjedd på Notholmen er nok og resten må sparast til beste for natur og ålmentast behov for ei ikkje-privatisert fjøre.

https://fnf-nett.no/more-og-romsdal/download/372/