FnfMøre og RomsdalAktuelt › Om å byggje ned friområda våre

Om å byggje ned friområda våre

Vi opplever stadig at områda avsatt til felles nytte søkast omdisponert til private formål. I denne konkrete saken ønskjer ein å byggje bolig på ein leikeplass med argumentasjon at leikeplassen er attgrodd og ikkje i bruk, men blir brukt som dumpeplass for hageavfall (anna avfall?). FNF har kome med ein uttale om ei slik sak i Ålesund kommune og meiner at skal ein eventuelt omdisponere ein leikeplass må dette skje etter heilheitleg plan. Og vi forventar at barnerepresentanten kjem med ein uttale i ei slik sak. Sjå vår uttale her; https://fnf-nett.no/uttalelser-horinger/uttalelser/om-a-byggje-bolig-i-friomrada-vare/