Frilufts- og naturvernorganisasjonane i Møre og Romsdal (FNF) har ved fleire høve gjort kommunane i fylket og andre merksame på dei negative konsekvensane av å ha frilslepp av snøskuterkøyring. Vidare har vi påpeikt at i Noreg ønskjer dei fleste å favorisere det enkle friluftslivet og at område utan støypåverknad er ein svært verdifull kvalitet som det er viktig å ta vare på. FNF har bedt om at ein er bevisst det ansvaret vi har for å føre vidare dei gode norske friluftstradisjonane basert på ein ikkje-motorisert ferdsel i norsk natur.
Med dette som utgangspunkt er vi vorte merksam på ei rettsleg avgjerd avsagt den 28 mars i år i Møre og Romsdal Tingrett. Ut frå det innsynet vi har fått i denne saka ser vi fleire forhold som ålmenta har interesse av. Vi har difor sendt eit brev til Miljødirektoratet og spurt om vurdering og tolking av denne rettslege avgjerda – for spørsmåla stilt sjå her: https://fnf-nett.no/more-og-romsdal/wp-content/uploads/sites/19/2023/09/Brev-til-Miljodir-6-sept-2023.pdf