FnfMøre og RomsdalAktuelt › På tur med naturvernblikk

På tur med naturvernblikk

FNF Møre og Romsdal har satt av midlar til ulike prosjekt i fylket som fremmer friluftsliv og naturvern – også kalla FNF-spleisen. Eit av desse prosjekta er «På tur med naturvernblikk». Dette arbeidet er gjort av lokalaget av Naturvernforbundet i Ørsta og Volda.

Friluftslivet vårt kan vere motivert av ulike faktorar, og ofte av fleire samstundes: trim, stillheit, matauk, sosialt samver, naturkontakt og læring om natur og kultur. Naturvernforbundet har med dette prosjektet gjort eit forsøk på å finne fram til eit friluftsliv som spelar på lag med natur og kultur, og for å lufte nokre tema der det sikkert er ulike syn mellom dei grøne organisasjonane. Ved å arrangere ein tur til Haugedalen for ein flokk var målsetjinga for
turen å rette eit særskild blikk på friluftslivet som ein døropnar for engasjement om naturvernet. Sjå rapporten her; https://fnf-nett.no/more-og-romsdal/download/592/