FnfMøre og RomsdalAktuelt › Parkering og friluftsliv

Parkering og friluftsliv

FNF Møre og Romsdal har satt av midlar til ulike prosjekt i fylket som fremmer friluftsliv og naturvern – også kalla FNF-spleisen. Eit av desse prosjekta er «Parkering og friluftsliv». Dette arbeidet er gjort av fylkeslaget av Naturvernforbundet.

Viss ein ønskjer å bruke naturen til tur og friluftsliv – må ein gjere det med utgangspunkt i ein stor og tilrettelagd parkeringsplass, eller er det mogleg også andre stader? Det er jo både skog, fjord og fjell langs etter vegen. Men er det mogleg å få bruka desse areala? Veldig ofte dreier det seg om å kunne parkere.

Kan det vere at tilgangen til areal for friluftsliv blir vanskelegare når vegane blir rusta opp? Kor mykje skal til for at friluftslivet får enklare tilgang til friluftsareal? Dette har Naturvernforbundet undersøkt langs riksveg 70 mellom Skjevlingsnes og Ålvundfossen i Tingvoll kommune. Går ein gjennom rapporten og vedlegga, så finn ein kanskje det mest hemmelege veg – og sjønære friluftslivsarealet i Tingvoll: sjå https://naturvernforbundet.no/moreogromsdal/nyheter/kan-eg-parkere-her-article42497-1683.html