FnfMøre og RomsdalAktuelt › Restaurering av landbrukets kulturlandskap ?

Restaurering av landbrukets kulturlandskap ?

Vi ser at landbruksmyndigheitene ikkje greier med sine verkemiddel å løyse ein del artar sine behov med dei verkemidlene dei har. Difor ber vi vernemyndigheitene om å sjå på grensene for naturreservata ved Surna på ny og vurdere kva landbruksareal som bør vernast for å restaurerast.
Det er meldt inn at bestandsnedgang av fugl i det konvensjonelt drevne kulturlandskapet er eit nasjonalt problem, som har medført at bl.a. vipe og storspove er klassifisert som truga/sterkt truga artar. Saman med raudstilk og småspove var desse artane tidlegare utbredt langs Surna, men tilbakegang har vore markert over lang tid. Artsdatabanken forklarar den negative utviklinga med biotopendringar pga omlegging i driftsformene. Eit tiltak for å hjelpe fugl i dyrelivsfredningsområdet er difor å legge til rette for mindre intensive driftsformer i randsonene mot strandeng/flaummark. Omlegging av driftsform i landbruktet kunne vere ein form for biotop-restaurering som bl.a. vil vere til hjelp for bakke-rugande fugl. Men så ser vi at vipepopulasjonen har hatt ein dramatatisk nedgang så difor foreslår vi å tilbakeføre areal som er leveleg for dei utsatte dyreartene. (foto: Ola Ragnar Gjøra).


Vår uttale; https://fnf-nett.no/uttalelser-horinger/uttalelser/uttale-reservat-surna/