FnfMøre og RomsdalAktuelt › Slutt på fluor i skispora – natur, helse og inkludering vinn fram

Slutt på fluor i skispora – natur, helse og inkludering vinn fram

FNF Møre og Romsdal har mellom anna meint noko om det uansvarlege i fluorskismurninga (langrenn) knytt til skade på menneske og miljø samt at det ekskluderer ungars aktivitet. I eit brev i til skiforbundet i 2017 bad vi om at skiforbundet tek ansvar og stanser denne miljøskadelege fluorbruken slik at enkeltindivida i skiidretten slepp å gjere eit eige etisk val sjølve.

No har FIS Coucil (den 23.11.2019) vedteke eit totalt fluorforbod i alle skigreiner frå sesongen 2020/21. Vi gratulerer idretten med ein siger for alle i skiløypa !