FnfMøre og RomsdalAktuelt › Spelemidlane må gå rett stad

Spelemidlane må gå rett stad

Kultur- og likestillingsdept. kjem på vitjing til fylket den 20 okt. i år med tema spelemidlar. Dept. ønskjer med dette møtet med utgongspunkt i Hurdalsplattformen, å få innspel frå eit breitt utval av aktørar som har meiningar om korleis spelemiddelordninga for anlegg kan innrettast i framtida. Vi har meint noko inn i dette;

  1. Vi må få eit vasstett system slik at ikkje pengane kjem først i saksbehandlinga/prosessen med spelemidlane, då vil behovsvurdering og vurdering av plassering fort bli manglande.
  2. Grunna kost/nytte-vurderingar må friluftslivsanlegg, og då spesielt turstiar/turløyper, prioriterast framfor tradisjonelle idrettsanlegg.
  3. Alle søknader om spelemidlar må bli lagt ut på lik line som andre offentlege dokument.
  4. Vi ønskjer at fagleg integritet inn i behovsvurderinga i saksbehandlinga av søknadene om spelemidlar slik at friluftslivsanlegg får sin fortente plass.   
  5. Tråkkemaskiner er grunnleggande for gode løypeforhold og gode vinteropplevingar, og vi vil rå til å tilrettelegge spelemidlane til nettopp tråkkemaskinene med ei betre tilskotsordning enn no.
  6. Det må settast krav til vurdering av energi-reknestykkjet ved bruk av spelemidlar slik at dette er i tråd med FNs berekraftmål.

Sjå uttalen herhttps://fnf-nett.no/uttalelser-horinger/wp-content/uploads/sites/19/2022/09/Brev-til-motet-med-dept-20-okt-2022-sendt-16-sept-2022.pdf