FnfMøre og RomsdalAktuelt › Vågevatnet i Sula kommune – eit sterkt forureina vatn

Vågevatnet i Sula kommune – eit sterkt forureina vatn

Det har no vore til høyring forslag om ei mindre endring på ei reguleringsplan som ligg tett til Vågevatnet. Vågevatnet er sterkt forureina, noko både natur og folk merker. Vi har heilt sia 2011 uttrykt vår bekymring for tilstanden til Vågevatnet knytt til bekkelukking og utbygging.

Når det kjem ein høyring på ein (mindre) endring i ei reguleringsplan som drenerer ned til Vågevatnet syns vi det er rart at dette ikkje blir satt i samanheng med den sterke forureininga. Det hjelp ikkje om det er ein «mindre endring» for kvar einskild utbygging rundt Vågevatnet forverrer jo situasjonen med auka belastning på ein natur som allereide er hardt skada.

Vi har bedt Sula kommune å ta eit heilheitleg ansvar for Vågevatnet. Dette medfører at kvar einskild utbygging i nedslagsfeltet uvesentleg storleik må settast i samanheng med dette. FNF Møre og Romsdal rår til å avvente den omsøkte reguleringsendringa inn til ein har ei plan og kontroll på forureiningssituasjonen i Vågevatnet.

https://fnf-nett.no/uttalelser-horinger/uttalelser/vagevatnet-i-sula-kommune-er-sterkt-forureina/