FNF Møre og Romsdal arrangerte webinar om statleg sikring av friluftsområder 15 mai kl 0930-11.
Webseminar – sikring av friluftsområder (youtube.com)
FNF Møre og Romsdal ønskjer å invitere til eit kort webseminar (1,5 time) om korleis ein kan sikre areal for føremål friluftsliv. Dette då vi ser at det i kommunane i fylket skjer mykje positivt knytt til temaet folkehelse/friluftsliv samstundes som det i fleire prosjekt kunne vore teke betre omsyn til korleis vi sikrar sjølve arealet ein skal drive aktivitet i. Vi meiner å sjå at denne utfordringa ikkje berre gjeld vårt fylke og vi har difor vald å invitere interesserte i heile landet for å opne gluggane for statspost «Sikring av friluftsområder (kap. 1420 post 30)», sjå https://soknadssenter.miljodirektoratet.no/SikringAvFriluftslivsomr%C3%A5derSkjema/Startside/Index?id=8.
Vi ønskjer med webinaret den 15 mai å presentere korleis den statlege tilskotsordninga fungerer – vi legg opp til følgjande program:.
Velkomen til nettseminar | Ingbjørn Bredeli, Forum for Natur og Friluftsliv Møre og Romsdal |
Innleiing om nærfriluftsområder og subjektiv livskvalitet | Raul Grau-Ruiz, Høgskulen i Volda, Avdeling for samfunnsfag og historie https://fnf-nett.no/uttalelser-horinger/?post_type=uttalelser&p=9022&preview=true |
Fylkeskommunen og Miljødirektoratet sine ønsker og prioriteringar | Petter Jenset, Møre og Romsdal fylkeskommune, Seksjon for folkehelse, idrett og friluftslivhttps://fnf-nett.no/uttalelser-horinger/?post_type=uttalelser&p=9013&preview=true |
«Rettleiing/demonstrasjon – slik søker du om statleg sikring» | Anne Berit Støyva Emblem, Sunnmøre Friluftsrådhttps://fnf-nett.no/uttalelser-horinger/?post_type=uttalelser&p=9016&preview=true |
«Rettleiing/demonstrasjon – slik lager du ei forvaltningsplan» | Anne Berit Støyva Emblem, Sunnmøre Friluftsråd Pål Henry Høyberg, Sunnmøre Friluftsrådhttps://fnf-nett.no/uttalelser-horinger/?post_type=uttalelser&p=9025&preview=true |
«Naturkartlegging – best practice» | Geir Gaarder, Miljøfaglig Utredning, Tingvollhttps://fnf-nett.no/uttalelser-horinger/?post_type=uttalelser&p=9019&preview=true |
Ordet fritt, kort debatt og oppsummering | Ingbjørn Bredeli, Forum for Natur og Friluftsliv Møre og Romsdal |