Viktig melding!
Grunna praktiske årsaker er morgondagens arrangement flytta til uteplassen hos Brunsj og Briller, på Skei(kaffeen er stengt. Oppmøtetidspunkt er kl.10.00 slik som før, og ein kan parkere ved gamle kommunehuset.
Etter appellane kan dei som vil vere med på tur opp Lundeskaret og vidare til Tverrfjellet. Yr melder sol, så dette blir ein flott dag!
Breeturen er dessverre avlyst, pga nedbørsmengdene.
Adresse: Ospene 7, 6843 Skei i Jølster
Dato: Laurdag 31. august 2024 kl. 10.00.
Stad: Ospene 7, 6843 Skei i Jølster
Innleiar: Ida Juklestad.
Som ei opning av Friluftslivets veka 2024 ønsker vi i Forum for Natur og Friluftsliv og interessegruppa for Gondolfri Jostedalsbre å invitere dykk inn i fantastisk natur, der vi skal snakke om kvifor slike områder er viktige for naturen, det norske friluftslivet og vår kultur. Vi håper å få meir kunnskap om kva problemer som kan oppstå ved feil tilrettelegging av naturområder.
Program:
- Kl. 10.00. Oppmøte: Ospene 7, 6843 Skei i Jølster
- Kl. 10.00. – 11.00. Kunnskapsformidling om gondolplanane om området ved Jostedalsbreen nasjonalpark mens vi ser opp til Tverrfjellet og Lundeskaret.
Innlegg ved - Halvor Dannevig, president i NORTIND – Norske Tindevegledere.
- Åsmund Nordgulen, koordinator for Forum for Natur og Friluftsliv.
- Tor Martin Leknes, direktør i Sogn og Fjordane kunstmuseum.
- Stein P. Aasheim, forfatter og naturmann.
Frå om lag kl. 11.15 kan du delta på valfrie aktivitetar.
Merk: Du må melde deg på aktivitetane innan 29. august for å delta på desse.
- 1. OBS: Denne turen er avlyst på grunn av at alt regnet dei siste dagane har ført til svært dårlige forhold på stien ned til Fjerland.
Guida tur frå Lunde til Fjærland med Fjærland Guiding v/ Jarle Mundal
Klassikaren Lunde – Fjærland: Fjærland Guiding v/ Jarle Mundal fører påmeldte over Marabreen. Undervegs vil ein vere innom området ved Tverrfjellet der endestasjonen på gondolen er planlagt. Turen tek 7-9 timar og er for godt fjellvande.
Spørsmål til Fjærland Guiding på: booking.fj.guiding@gmail.com - 2. Tur opp Lundeskaret til Tverrfjellet Tur opp DNT-stien i Lundeskaret og vidare til Marabreen, og opp på toppen av Tverrfjellet. Turen er på omlag 15 km t/r og 1400 høgdemeter, der du går på sti i fint terreng heilt fram til Marabreen ved foten av Tverrfjellet. Siste parti opp mot toppen er det noko brattare parti utan sti. Sidan vi går same veg opp og ned er det høve til å avslutte turen undervegs. Alle går på eige ansvar. Vuderingar blir gjort undervegs, og om ein vel å gå delar av turen må ein rekne med å gå ned att på eigahand. Fjellvande frå interessegruppa Gondolfri Jostedalsbre viser veg. Du kan lese meir om stien opp Lundeskaret på UT: https://ut.no/turforslag/1113182/lundeskaret-og-tuva
Gjeld begge turane ovanfor: Turane vert berre gjennomført dersom været . Når det nærmar seg laurdag 31.august legg vi ut informasjon om status her på arrangementssida. Det kan bli lagt opp til kortare turalternativ ved dårleg vær.
Kosedag i Lundebotnen
Om du ikkje ønsker å gå på tur er det fint å bruke litt tid i sjølve Lundebotnen. Dette er eit nydeleg dalføre med bratte fjellsider og utsikt opp til Lundabreen. Her er og mange små og store elvar som renn ned fjellsida. Det kan vere fint å berre nyte naturen ved å ta ein lang matpause, eller gå kortare rusleturar i sjølve dalføret.
Informasjon:
Utstyr og mat: Ta med eigen mat og drikke, sko og klede etter været. Vi oppmodar til samkøyring!
Arrangementet har fått midler fra prosjektet Friluftslivets Uke til Norsk Friluftsliv.
Vi oppfordrar alle til å delta på arrangemanget for å få meir informasjon om planane om gondol ved Jostedalsbreen nasjonalpark!
Vel møtt!
Kontakt- og talsperson for Gondolfri Jostedalsbre er Ida Juklestad
E-post: idajukle@hotmail.com Tlf: 911 36 864
Følg lenkene under for meir informasjon om saken.