Befaring på Bremangerlandet, 12. oktober 2020. Foto: André Marton Pedersen
FnfSogn og FjordaneAktuelt › Gode krefter går saman for Bremangerlandet.

Gode krefter går saman for Bremangerlandet.

Med ein ny video frå Bremangerlandet blir naturkvalitetene framheva, me håpar politikarar vil bevara detta unike landskapet.

Video frå Bremangerlandet.

Det er viktig å bevara Bremangerlandet.

Mange aktørar er samla i kampen mot vindkraftanlegg ved Bremangerlandet. Den 12. oktober vart det med støtte frå Finsefondet laga ein ny film som viser nokre av dei kvalitetane ein finn i landskapet på Bremangerlandet.

Områda rundt Bremangerlandet er allereie kraftig nedbygd av vindturbinar, og det er vanskeleg å sjå for seg kva konsekvensar dette har i det lange løp. Korleis kan ein sikre naturen mot den samla belastninga dette medfører når ein bygg i eit slikt tempo?

Frå Steinfjellet på Bremangerlandet er ein omkransa av vindturbinar ved Guleslettene-, Hennøy- og Mehuken Vindkraftverk. Dette er eit område som er viktig for lokalbefolkninga så vel som fuglar som brukar området både som levestad og som trekkrute.

På befaringa den 12. oktober er det solfylt og stille, eit vakrare landskap skal ein leite lenge etter. Grunneigarane Ivar Rune Varpe og Roy Ove Svarstad har som mange andre jobba lenge for å bevare dette landskapet, Banneret dei har med seg er ikkje til å missforstå: «Naturen er til låns frå kommande generasjonar». Setningen etterlater seg ein tanke om kontinuitet i eit landskap der dei sjølve satte sine barnetråkk.

– Eg er imot eit vindkraftverk her på Bremangerlandet, fordi eit vindkraftanlegg er industri og kan aldri kombinarast med naturopplevingar. Eg er oppvokst her. Ingen skal kunne ta frå meg og mine etterkommarar den same naturopplevinga som eg har hatt i dette området. Andre må og få oppleva det, seier grunneigar Ivar Rune Varpe.

Roy Ove Svarstad er enig, han har i over to år på fritida jobba mot anlegget.

– Det er heilt feil å bygga vindkraftanlegg her. Det er eit unikt kystlandskap her og eit populært område å gå tur i, f.eks. til Vetvika. Det er ekstremt viktig å bevare Bremangerlandet, seier han.

Jon Anders Stavang frå Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane er urolig for det rike fuglelivet.

– Bremangerlandet er midt i ein av dei viktigaste trekkorridorane for fugl langs norskekysten. Det er veldig viktig at dette vindkraftanlegget ikkje blir bygd, for det vil heilt sikkert ta livet av mykje fugl, seier han.

I tilleg blir det trekt fram dei store myrområda som ligg i omårdet, myr står for store mengder karbonfangst og ved å forringe myra vil dei sleppe ut store mengder drivhusgassar.