FnfSogn og FjordaneAktuelt › Lansering av ny film frå Naturvernforbundet.

Lansering av ny film frå Naturvernforbundet.

Styret i FNF Sogn og Fjordane ved Sogn og Fjordane Turlag, Norsk ornitologisk forening avd. Sogn og Fjordane og Norges Jeger- og Fiskerforbund Sogn og Fjordane har slutta opp om fimen og støttar bodskapet til Naturvernforbundet. Filmen er produsert med støtte frå Finsefondet.

I ei tid der vindkraftbransjen stadig pressar på, må ein ikkje gløyma kva som er oss nærast. Kva er det me ynskjer å etterlata til dei som kjem etter oss?

Me må ta oss tid til å sjå på konsekvensane av det som alt er bygd, før me kan velja vegen vidare. Det me som samfunn og kvar enkelt velje å gjera vil setja varige spor!


Også i sjela!