FnfMøre og RomsdalAktuelt › Naturhensyn ved opparbeiding av stier – Rapport og Webseminar

Naturhensyn ved opparbeiding av stier – Rapport og Webseminar

Noko av det mest bærande elementet i anleggsbygginga i norsk friluftsliv er stien/turvegen og element knytt til dette. Forum for Natur og Friluftsliv (FNF) ser at det i kommunane i fylket skjer mykje positivt knytt til temaet folkehelse og friluftsliv. Samstundes ser vi at det er ein god del tursti- og turveganlegg som går ut over naturen heilt unødig. Det er mykje folkehelse i bygging av friluftslivsanlegg. Tiltaka er jo allmennnytting og vel og bra, men nokre av dei har også ei kostnadsside. Naturomsyn er ein faktor som ofte blir gløymt, eller kjem så seint inn at det er for seint. Vi veit jo alle at det viktigaste i ein prosess er å; VERE TYDELIG OG TIDLEG. Det bør vere automatikk at også naturens interesser blir teke fram heilt i starten av ein prosessen og at denne interessa blir vekta ovanfor andre interesser.

FNF Møre og Romsdal har fått Miljøfaglig Utredning AS til å gjere eit utgreiingsarbeide knytt til bygging av turstiar og korleis vi gjer dette så rett som mogleg og utan å skade natur. Det vil bli arrangert eit webkurs om dette den 7 juni basert på rapport ferdigstilt den 1 juni.

Sjå rapport https://fnf-nett.no/uttalelser-horinger/uttalelser/rapport-fra-miljofaglig-utredning-naturhensyn-ved-tilrettelegging-av-stier-i-more-og-romsdal/

Sjå presentasjon https://forumfornaturogfriluftsliv.sharepoint.com/:p:/s/FNF/EROPGOOk69ZDpiUD1nxhKsYBBRaH7NmRvj7Yl7uAMek6Tg?e=1Y7fyu

Sjå opptak av webseminar: