FnfMøre og RomsdalAktuelt › Oppdrettstorsk og villtorsk

Oppdrettstorsk og villtorsk

FNF Møre og Romsdal er djupt bekymra for oppdrett i sjøen i det heile der dei tamme dyra påverkar dei ville artsfrendane knytt til genetikk, sjukdom, livssyklus etc. Norske villaksstammer og norsk lakseoppdrett er noko vi diverre har alt for god kunnskap om knytt til negativ påverknad – vi lurer jo på om norske villaksbestander overlever i det heile.

No kjem søknadene om torskeoppdrett. Torsk er ved sida av laks ein norsk signalart som vi er bekymra for vil overleve om ein lar oppdrettsnæringa styre grunnen. Det er søkt om oppdrett av torsk fleire stader i fylket no. Vi har kome med ein uttale til søknad om torskeoppdrett i Ålvundfjorden. Denne søknaden er prega av at vurderingane knytt til påverknad på den ville torsken frå oppdrettstorsken er sladda/hemmeleghaldt – sjå vår uttale her; https://fnf-nett.no/uttalelser-horinger/uttalelser/uttale-soknad-om…-i-alvundfjorden/

Artikkel i Driva: https://redir.opoint.com/?key=t7xqc8ofq7ILlIh14MtU