FnfMøre og RomsdalAktuelt › Snarvegane og verdien av desse

Snarvegane og verdien av desse

FNF Møre og Romsdal har satt av midlar til ulike prosjekt i fylket som fremmer friluftsliv og naturvern – også kalla FNF-spleisen. Eit av desse prosjekta er kartlegging av snarvegane i Molde by. Dette arbeidet er gjort av lokallaget av Naturvernforbundet i Molde.

Snarvegane er av det viktigaste i transportsystemet i byar og tettstader. Vi meiner at det er viktig å ta vare på snarvegene. Det er difor viktig i første fase å kartleggje desse snarvegane slik at vi alle blir merksame på desse. Snarvegane i Molde by er no kartlagt og det er lagt opp til ein oppfølging av denne kartlegginga; sjå https://naturvernforbundet.no/moreogromsdal/naturvernforbundet-i-molde/kartlagte-snarveger-i-molde-ma-folges-opp-article42361-1691.html

FNF Møre og Romsdal har laga eit informasjonsbrev om snarvegprosjektet i Molde by og oppmode kommunane om å kartleggje snarvegane sine; sjå https://fnf-nett.no/more-og-romsdal/download/556/