Vestland fylke er (som fylke) fyrst ute med ei fritidserklæring for barn og unge. Erklæringa blei signert av fylkeskommunen, statsforvaltaren, FNF Hordaland, FNF Sogn og Fjordane og ni andre organisasjonar under Frivilligkonferansen 2024. Initiativet om ei eiga fritidserklæring for Vestland fylke må no forplikte til ein ekstra innsats for barn og unge.
Når det gjeld natur og friluftsliv, er underskrivarane samde om «å sikre at alle barn og unge har god og trygg tilgang til nærturområde».
Heile fritidserklæringa finn du nedanfor dette lesarinnlegget som er sendt ut til ei rekke aviser:
Alle unge må få delta i fritidsaktivitetar
Vi vil jobbe saman for at alle barn og unge skal få delta i fritidsaktivitetar i lag med andre.
28. september signerte vi Fritidserklæringa Vestland og vart det første fylket med ei regional fritidserklæring. Det forpliktar oss til å jobbe for ei inkluderande fritid for alle barn og unge.
Ifølgje Frivillighet Norge er det seks hindringar som kan føre til at ikkje alle barn og unge deltek i fritidsaktivitetar: Økonomi, kultur, tilgjengelegheit, tid, oppfølging og kjennskap. Vi i offentleg sektor og frivilligheita i Vestland jobbar for å senke hindringane saman. Fritidserklæringa Vestland slår fast at vi i større grad må samarbeide for å løyse desse utfordringane, slik at fleire barn og unge får medverke og ta del i fritidsaktivitetar.
Gjennom Fritidserklæringa Vestland forpliktar vi oss til
- at fritidsaktivitetane skal vere opne, trygge og inkluderande
- å redusere hindringar for deltaking
- å sørge for låge kostnader for å delta
- å legge til rette for at fleire arenaer blir universelt utforma, og betre tilgangen til nærnaturen
- å sikre at barn og unge får medverke i utviklinga av fritidsfeltet
- å jobbe for at barn unge finn ein aktivitet dei trivst med og opplever meistring gjennom fritidsaktivitetar
Den nasjonale fritidserklæringa vart først vedtatt i 2016 og på ny i 2022. Ho er signert av regjeringa og mange aktørar frå offentleg og frivillig sektor. Fritidserklæringa byggjer på barnekonvensjonen til FN, artikkel 31, som seier at barn har rett til kvile, fritid og leik, og til å ta del i kunst og kulturliv.
Fritidserklæringa Vestland forpliktar oss til å saman finne betre løysingar slik at alle barn og unge kan delta i fritidsaktivitetar i lag med andre.
Du kan lese meir om erklæringa her på www.vlfl.no/fritidserklaring.
Jon Askeland, fylkesordførar
Petter Sortland, leiar i KS Vestland
Liv Signe Navarsete, Statsforvaltar i Vestland
Dina Kvittingen, leiar i Vestland ungdomsutval
Jan Ludvig Jacobsen, leiar i Vestland Musikkråd
Nils R. Sandal, leiar i Vestland Idrettskrets
Gunvar Mikkelsen, koordinator i Forum for Natur og Friluftsliv Hordaland
Magnus Frøyen, leiar i Forum for Natur og Friluftsliv Sogn og Fjordane
Nooshin Zaery Loolani, leiar i Vestland Innvandrerråd
Torgeir Toppe, politisk seniorrådgjevar i Vaksenopplæringsforbundet Vestland
Margrethe Utkilen, leiar i Vestland Frivilligsentralar
Else-Berit Helle, leiar i Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) Vestland
Sylvi Leirvaag, koordinator i Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) Sørvest og Nordvest
Her finn du meir informasjon om arbeidet som blir gjort av Samarbeidskomitéen for frivilligheit i Vestland – der fylkeskommunen har ei koordinerande rolle.