Bokfink blei ringmerka og klappa av små hender. Foto: Steven Guidos.
FnfHordalandAktuelt › Stemingsrapport frå Naturglededag på Herdla

Stemingsrapport frå Naturglededag på Herdla

Tekst: Synnøve Kvamme, Naturvernforbundet Hordaland.

Den nest siste søndagen i februar inviterte me til Naturglededag på Herdla (Askøy kommune), med fokus på vinterfuglar. Det var ikkje tilfeldig at me valte å legga arrangementet til Herdla, som er ein av dei viktigaste lokalitetane for fuglelivet i Vestland. Sjølv om vinteren kanskje ikkje er den mest spennande tida for fuglekikking, ville me gjerne gje deltakarane høve til å læra meir om, og få sjå nærmare på, fuglane som overvintrar i Noreg. Dette tenkte me det ville vera gode sjansar for å få til på Herdla.

Arrangementet starta med eit mini-føredrag på Herdla Museum ved Lars Ågren, som er naturrettleiar på museet. Han er også leiar i BirdLife Hordaland, og har stor kunnskap om fuglelivet både på Herdla og i Noreg generelt. Deltakarane fekk sjå bilete og høyra fuglesongen av mange av fuglane som lever på Herdla, og fekk læra om korleis dei lever og utfordringar dei står overfor.

Lars Ågren heldt føredrag om fuglar for eit interessert publikum. Foto: Synnøve Kvamme.

Etter føredraget var neste post på programmet ringmerking, men vinterfuglane var ikkje einige i det – og ingen hadde gått i fella til BirdLife. Medan me venta på fuglane vart deltakarane sendt ut på natursti i Herdla fort friluftsområde, der me hadde laga seks postar med spørsmål om fuglar, til dømes:

  • Det har blitt mange færre fuglar dei siste åra. Kva er det aller viktigaste me kan gjera for å hjelpa fuglane?
  • Fleip eller fakta? Nokre fuglar som skal fly veldig langt, for eksempel over Stillehavet, kan skru av halve hjernen sånn at den kan sova og fly samtidig.
    I tillegg hadde me bilete av fuglar som deltakarane skulle svara på kva var.
Lærerikt og morosamt med natursti! Foto: Synnøve Kvamme.

Etter ei stund hadde heile 12–13 småfuglar gått i nettet til BirdLife, og ivrige store og små flokka seg rundt og fekk sjå nærmare på, og klappa, ei rekke ulike småfuglar, som blåmeis, raudstrupe, bokfink og grønfink, medan dei vart ringmerka av kyndige og varsame hender.

Ikkje ofte ein kjem så tett på fuglar! Her ei rødstrupe som blir ringmerka og klappa. Foto: Steven Guidos.

Totalt var rundt 20 deltakarar med på arrangementet, inkludert 7 ivrige og engasjerte barn. Me håpar at naturglededagar som denne kan vera med på å gje deltakarane eit varig engasjement for fugleliv og naturen generelt. Det var i alle fall mykje naturglede å spora hjå deltakarane denne dagen, og tilbakemeldingane var veldig positive.

Arrangørar: Naturvernforbundet Hordaland, BirdLife Hordaland, BirdLife Bergen og Herdla Museum.
Takk for økonomisk støtte til arrangementet frå Vestland fylkeskommune.

Grønnsisiken er litt av ein fargeklatt! Foto: Steven Guidos.