FnfMøre og RomsdalAktuelt › FNF – spleisen

FNF – spleisen

Å spleise betyr eigentleg å flette saman endane på to tau så man får éit langt – i overført tyding tyder det å føre noko saman/å gå saman med nokon. FNF – spleisen er knytt til å spleise dei grøne organisasjonane knytt til FNF saman. Ideen til FNF – spleisen kom opp knytt til at korona-pandemien traff verda mars 2020 og gjorde den planlagte friluftskonferansen 2020 vanskeleg. FNF ønskjer med spleisen å finne fleire alternative samkome der våre medlemsorganisasjonar møtast og deler. Hensikta er å utvikle gode tilbod innan friluftsliv og naturvern som mange kan ha glede av.

FNF-spleisen består av fleire delar. Ein del er eit årleg arrangement der deltakarar frå dei ulike organisasjonane møtast på felles tur eller felles aktivitet. I tillegg til å vere i lag vil ein også ha høve til å ta opp aktuelle saker, og dele tips og idear.

Den andre vesentlege delen er tema eller små prosjekt som medlemsorganisasjonane utviklar med tanke på å dele dei med resten av FNF-familien. Ein kan godt sjå for seg eit arrangement der ein inviterer ulike personar og anna til å halde innlegg eller liknande. I staden for å betale folk for å kome frå Kristiansand for å seie noko til folk som kan møtast i arbeidstida på ein tysdag, vil vi heller betale «honoraret» til organisasjonane i FNF-familien lokalt, slik at dei kan utvikle noko som betyr noko for dei, og som kan delast med dei andre til inspirasjon. På den måten utviklar vi organisasjonane våre, og får eit delefellesskap som er ein verdi i seg sjølv. Det er ønskjeleg at tema og prosjekt får ein form slik at dei ikkje berre kan delast på felles tur eller arrangement, men også kan takast fram i andre høve når det passer for einskildpersonar eller mindre gruppe.

Prosjektet «På tur med naturvernblikk» i 2020 var første prosjektet av dei til no 10 prosjekta i FNF spleisen;

ProsjektSøkarReferanse
På tur med Naturvernblikk Naturvernforbundet (Volda/Ørsta) På tur med naturvernblikk – Møre og Romsdal (fnf-nett.no)
SnarveganeNaturvernforbundet (Molde) Snarvegane og verdien av desse – Møre og Romsdal (fnf-nett.no)
UtemixFriluftsrådet Nordmøre og Romsdal 
Frittframifriluft/aktivitetskoffert4 H Møre og RomsdalAktivitetskoffert – Møre og Romsdal (fnf-nett.no)
Turer med fellestransport DNT Sunnmøre 
Nedlagt tursti – til glede for villreinen DNT Romsdal
Veøya meir open for ålmenta DNT Romsdal  
Parkering og friluftslivNaturvernforbundet i M&RParkering og friluftsliv – Møre og Romsdal (fnf-nett.no)
Sporløs ferdselNordmøre og Romsdal FriluftsrådSporlaus ferdsel – Møre og Romsdal (fnf-nett.no)
5 spørsmål om friluftsliv til NYE MørebenkenBegge friluftsrådaFleirtalet av partia vil prioritere friluftslivet – Møre og Romsdal (fnf-nett.no)

FNF Møre og Romsdal vil fortløpande leggje fram dei ulike prosjekta innan spleisen på sine nettsider. Så vil vi etterkvart vurdere bruken av prosjekta i WEBinar og liknande.